Skip to content
  • BYT TIL BOKMÅL
Ungdomskole Nynorsk
  • BYT TIL BOKMÅL
Ungdomskole Nynorsk
Illustrasjon av reklameinnlegg på sosiale medier
Illustrasjon: Animer/Forbrukertilsynet

Skjult reklame i sosiale medium

Influensarar er ofte folk som mange veit kven er, beundrar og ser opp til. Folk me føler at me kjenner. Folk me lyttar til og stoler på. Det kan vere gull verd for annonsørane. 

Mykje av den skjulte reklamen i sosiale medium blir lagt ut av influensarar. Dei presenterer ofte produkta på ein kvardagsleg og spontan måte. Det er gjerne influensarane som er i fokus, og produktet ser ut som noko dei bruker sjølv i sin eigen kvardag. Reklamen er gjerne kamuflert i personlege innlegg, slik at me skal gløyme at det faktisk er reklame me ser.

Sjølv om mange influensarar er flinke til å merke innlegga som reklame, er det framleis mange som ikkje gjer det. Dei legg altså ut skjult reklame.

Tilbake til “Den usynlege reklamen”
Vidare til “Er det lov å skjule reklamen?”

Copyright © 2026 - WordPress Theme by Frontkom AS
  • Vel trinn
  • Lærarrettleiing
  • Kjelder og litteratur
  • Tilbakemelding
  • Om Forbrukartilsynet
  • Personvern