Kven, kva, kor?
Kven seier kva til kven?
All kommunikasjon har ein avsendar, ein bodskap og ein mottakar. Dette gjeld òg for reklamen. Når det gjeld reklame, er det likevel ikkje alltid så lett å finne ut kven som er avsendaren, kva bodskapen er og kven som skal ta imot det. Kven seier eigentleg kva til kven? I kva reklamekanal?
Reklame er ei form for betalt og kommersielt motivert kommunikasjon. Det betyr at nokon har betalt for å få spreidd ein bodskap, og at dei ønsker å tene pengar på det.
Den som betaler for reklamen, kallar vi annonsøren. Vanlegvis er dette ei bedrift eller ein næringsdrivande, for eksempel ein butikk eller eit klesmerke. Annonsøren vil at bodskapen skal påverke mottakarane, altså forbrukarar som deg og meg. Kanskje reklamen får oss til å kjøpe ting vi eigentleg ikkje treng? Eller til å velje eit anna merke neste gong vi skal kjøpe sko eller sminke.
Det er naturleg å tenkje på annonsøren som avsendaren av reklamebodskapen. Men ofte er det mange ulike bedrifter og personar som bidreg til å spreie bodskape: reklamebyrå, designarar, produksjonsselskap som lagar reklamefilm, fotballspelarar som spring rundt med drakta full av reklame, og påvirkere som spreier reklamebodskap i sosiale medium. Ofte kan det vere vanskeleg å vite kven som eigentleg er avsendaren.
Ordliste
- Annonsør: Ein person, bedrift eller organisasjon som betaler for å få reklamebodskapen sin spreidd.
- Kommersiell: Noko som har med handel å gjere, eller som er laga for å selje.
- Reklamekanal: Eit medium som blir brukte til å spreie ein reklamebodskap. Det kan for eksempel vere plakatar, tv, aviser, brosjyrar eller sosiale medium.
Ekstratekst: Saka med den falske lottomillionæren
I 2013 la “Fredrik” ut over 100 annonsar på Finn.no. Han skreiv at han hadde vunne i Lotto. Derfor ville han gi bort alt han eigde. Men var det sant? Og kven var eigentleg den ukjende lottomillionæren?