
Klima og miljø
For å selje deg ting, fokuserer seljarane på det dei trur du er oppteken av. Mange er i dag oppteken av klima og miljø. I reklame er det derfor blitt vanleg at produkt blir kalla miljøvennlege, grøne, berekraftige, klimanøytrale og liknande.
Ein reklame kan òg gi inntrykk av at eit produkt er miljøvennlege sjølv om det ikkje blir sagt med ord. Det kan for eksempel vere at fargebruk, symbol, lydar eller bilde gjer at produktet står fram som miljøvennleg. Men sjølv om eit produkt blir marknadsført som miljøvennleg, betyr ikkje det at produktet faktisk er miljøvennleg.
Grunnen til at produkt blir marknadsført som miljøvennlege vil ofte vere at ein mindre del av produktet er bra for miljøet. Ein genser kan for eksempel innehalde resirkulert plast. Sjølv om resirkulert plast kanskje er betre for miljøet enn ny plast, betyr det ikkje at plast er bra for miljøet. Sjølv om det står at noko er miljøvennleg eller klimanøytralt, er det altså ikkje alltid riktig.
Enkelte produkt er faktiske så skadelege for miljøet at dei per i dag aldri vil kunne vere miljøvennlege. Ein t- skjorte i organisk bomull kan vere betre enn ein t-skjorte i vanleg bomull, men gjer ikkje at t-skjorta er miljøvennleg. Då kan det vere ulovleg dersom marknadsføringa likevel gir eit slikt inntrykk.
For at eit produkt skal kunne kallast miljøvennleg må det vere miljøvennleg i heile levetida si, frå det blir produsert til det blir kasta.
Nokre gongar står det at noko er miljøvennleg utan at det står kvifor. Dette gjer det vanskeleg for deg å vite om det er sant at det du skal kjøpe er miljøvennleg. Viss reklamen påstår at eit produkt er miljøvennleg, bør det derfor alltid vere ei forklaring på kvifor produktet er bra for miljøet. Denne forklaringa bør alltid stå rett ved miljøpåstanden, slik at det blir enkelt for deg å vite grunnen til at produktet blir kalla miljøvennleg.
Ord om miljø
Klarer du å finne fram til typiske ord som blir brukte i marknadsføring for å vise at eit produkt eller ei teneste er berekraftig? Orda du skal fram til finnar du i lista ved sida av oppgåva. Når du har funne ordet markerer du dette ved å trykkje på den første bokstaven og dra muskepekeren over resten av bokstavane. Orda kan vere skrive loddrett, vassrett, på tvers og baklengs.
Merkeordningar
Nokre gongar blir brukt symbol for å vise at eit produkt er meir miljøvennleg enn liknande produkt. Du har kanskje sett svanemerket? Kanskje på dopapir eller enkelte såper? Slike symbol er ofte merkeordningar. Nokon slike merkeordningar er til å stole på, andre ikkje. Svanemerket er offentleg godkjent, så det kan ein stole på. Dette merket kan berre brukast på produkt som oppfyller strenge miljøkrav som blir kontrollerte av ekspertar.
Det finst òg merkeordningar som bransjane sjølv har funne opp, og som ikkje stiller like strenge miljøkrav. Desse kan ein ikkje alltid stole på. Dersom det blir nytta merkeordningar, skal du som forbruker uansett kunne finne meir informasjon om merkeordninga og kva han betyr. Viss ikkje, kan du fort bli lurt.
Merkeordningar
Klikk og dra merkeforklaringa til riktig logo