Er det lov å skjule reklamen?

Illustrasjon av en influenser som legger ut en selfie med reklame. Til høyre i bildet vises telefonen med innlegget. Det er merket som annonse, og tagget med @sminke, @hårprodukter og @favorittklær. Nederst på bildet står det "GRWM morgenrutine".
Influensarar som får betalt for å legge ut innlegg eller stories i sosiale medium må merke innlegga tydeleg som reklame eller annonse. 

Marknadsføringslova seier at reklame skal presenterast sånn at det er tydeleg at det er reklame.  Viss det ikkje er lett å sjå med ein gong at noko er reklame, må reklamen merkast. Skjult reklame er nemleg ikkje lov. Verken i sosiale medium eller andre stader.

Influensarar som får betalt for å leggja ut innlegg eller stories i sosiale medium må merke innlegga tydeleg som reklame eller annonse.

Hugs at ikkje alle influensarar får betalt i pengar. Nokon får gratis produkt, reiser, rabattar eller andre fordeler for å vise fram eit produkt. Slike innlegg er også reklame.

Mange influensarar har eigne kleskolleksjonar eller samarbeider med andre om til dømes sminke, hudpleie eller andre produkt. Det tener dei pengane på. Når dei viser fram desse produkta, eller til dømes har på seg ein genser frå sitt eige klesmerke, er det reklame. Slike innlegg må dei merke som reklame.

Finn reklamemerkinga