Korleis verkar reklame?

Dame smiler med hvite tenner og reklamerer for tannkrem
Illustration: Netron/Forbrukertilsynet

Poenget med reklame er å påverke deg på ein eller annan måte. Som regel er målet å få deg til å kjøpe noko. Reklame kan òg prøve å forandre måten du tenker på. Målet kan for eksempel vere at du skal bli meir positiv til eit produkt eller ei merkevare. Reklame som skal få deg til å kjøpe noko, eller til å endre meining om noko som er til sals, kallar vi kommersiell reklame. Reklameskolen handlar først og fremst om denne typen reklame. 

 Reklame kan òg innehalde politiske bodskap eller folkeopplysning. Slik reklame er ikkje laga for å tene pengar, men han prøver likevel å påverke deg. Dette gjeld for eksempel haldningskampanjar som prøver å få deg til å bruke setebelte i bussen, eller til å la vere å begynne å røyke. Denne typen reklame kallar vi ikkje-kommersiell reklame.

Vi seier gjerne at reklame har fire hovudoppgåver:

Ordliste

  • Kommersiell reklame: Reklame som skal få oss til å kjøpe noko. Kommersiell betyr salbar.
  • Ikkje-kommersiell reklame: Reklame som ikkje skal selje noko, men fremje eit ideelt formål.
  • Haldningskampanje: Kommunikasjonsarbeid som skal påverke haldningar og åtferd hos ei bestemt målgruppe. Dette er ein type ikkje-kommersiell reklame.

Refleksjonsoppgåve:

I kvardagen må vi ofte velje mellom fleire store merkevarer. For eksempel når vi vel Android eller IOS-telefon, drikk mjølk frå Tine eller Q-Meieriene, drikk Pepsi eller Coca-Cola, vel Nidar eller Freia, ser på NRK eller TV2 eller kjøper klede frå Cubus eller Bik Bok.

Ofte vel vi noko vi kjenner godt frå før. Tenk på deg sjølv. I kva grad vel du ei merkevare eller eit produkt fordi du allereie har kjennskap til produktet eller merkevara?  

Har du nokon gong valt eit produkt du aldri har høyrt om framfor noko du allereie kjenner frå før? Var det eit vanskeleg val? Tok valet lengre tid enn om du hadde kjent til produktet frå før?