Merkevarebygging

Har du nokon gong lurt på kvifor nokre varemerke er kjende over heile verda, mens andre er nesten heilt ukjende? Korleis har dei blitt sånn?

På dei neste sidene vil du lære meir om korleis næringsdrivande byggjer merkevarer sine, og korleis merkevarer går fram i utforminga av marknadsføringstiltak. Her er nemleg ingenting overlate til tilfella. Det ligg mykje psykologi bak kvart reklameinnlegg!

Illustrasjonen viser et bilde av mange ulike logoer, blant annet Hugo Boss, H&M, Coca-Cola, McDonalds, Burger King, Spotify.

Å byggje ei merkevare er meir enn berre å marknadsføre eit produkt eller ei teneste.

Ved merkevarebygging prøver den næringsdrivande å få forbrukarane til å forbinde noko med merkevara deira. Det kan vere ei kjensle, ei meining eller betydning. Målet er å gi produktet eller tenesta ei form for identitet og verdi. Visst alt går etter planen, vil forbrukaren ofte føle at han eller ho får noko meir ved å velje akkurat det produktet eller den tenesta. For dei som sel produktet er det derfor veldig viktig å framheve det dei ønsker merkevara skal forbindast med, og å kartleggje korleis merkevara blir oppfatta av forbrukarane. Sist, men ikkje minst, har dei næringsdrivande ofte ei klar meining om målgruppa deira, slik at dei kan drive målretta marknadsføring over tid.

Ordliste

  • Merkevare: Ei vare eller teneste som blir selt under eit innregistrert eller innarbeida varemerke.
  • Merkevarebygging (òg kalla branding): Alle aktivitetar som går med til å skape, posisjonere, halde ved lag og vidareutvikle eit mentalt bilde av ei varemerkebeskytta vare eller teneste.