Til læraren
Om Reklameskolen
Reklame er «enhver betalt og kommersielt motivert kommunikasjon av budskap om en idé, tjeneste eller produkt fra en identifiserbar avsender, i den hensikt å vekke oppmerksomhet, skape interesse, informere eller selge.»
Snl.no: Reklame
Reklameskolen er eit digitalt undervisningsverktøy om reklame utvikla av Forbrukertilsynet på oppdrag frå Barne- og familiedepartementet.
Målet er å formidle kunnskap til barn og unge om reklame på ein lettfatteleg og engasjerande måte, og auke kunnskapen om korleis denne påverkar oss.
ICPEN Consumer Education Award
I 2024 vann Reklameskolen ICPEN Consumer Education Awards i kategorien barn og unge. Denne prisen blir delt ut av International Consumer Protection and Enforcement Network (ICPEN), og går til ein informasjonskampanje som har bidratt til god opplysning av forbrukarane.

Læreplanmål
Reklameskolen passar godt inn i norsk- og samfunnsfaget, men det kan gjerne òg blir jobba tverrfagleg med temaet.
I avslutninga av del 1 i Reklameskolen får elevane i oppgåve å lage ein eigen reklamefilm. Dette kan vere relevant å knyte opp mot kunst- og handverksfaget.
Overordna kompetansemål
Kompetansemål i spesifikke fag
Reklameskolen kan knytast opp mot kompetansemål i følgjande fag:
Førebuingar, undervisning og vurdering
Reklameskolen er utvikla som eit komplett læreverk som elevane i stor grad kan navigere gjennom sjølv. Han består av tre delar med underkategoriar. Desse inneheld film, bilde, infotekst, interaktive oppgåver og refleksjonsoppgåver.
Målet med Reklameskolen er å gi elevane kunnskap og kompetanse om reklame, influensarar, avsendarar og å avkle bodskap. Elevane får umiddelbart svar på om dei svarer rett eller gale på oppgåvene, så Reklameskolen legg ikkje opp til noko rettearbeid. Undervisningsopplegget inneheld filmar med lyd, så vi anbefaler at elevane har øyretelefonar tilgjengeleg.
Vi anbefaler at ein set seg grundig inn i innhaldet før undervisninga, og vurderer kva av refleksjonsoppgåvene elevane skal løyse sjølv, og kva som skal drøftast i plenum. Alle oppgåvene kan løysast på eigenhand, men det kan òg gi ein god diskusjon og refleksjon om det blir valt ut ein eller fleire av desse som ein kan ta i plenum i klassen. Vidare kan det gi eit betre læringsutbyte om Reklameskolen blir knytta til relevant reklame for elevane. Det kan derfor vere ein fordel å be elevane leggje ekstra merke til reklame dei møter i dagane før dei skal gjennom Reklameskolen.
Filmoppgåva
Del 1 i Reklameskolen blir avslutta med ei oppgåve kor elevane skal lage ein eigen reklamefilm. Dette er ei større oppgåve som vi anbefaler at det blir sett av god tid til, og at det gjerne blir jobba tverrfagleg med denne oppgåva. I eit slikt tilfelle er det fint å sjå norsk og samfunnsfag opp mot kunst og handverk. Oppgåva kor elevane skal lage sin eigen reklamefilm gir eit godt grunnlag for å vurdere elevane sitt læringsutbyte. Her kan ein vurdere om elevane for eksempel:
- Har forstått dei grunnleggjande prinsippa bak reklame.
- Forstår målgrupper og målgruppetilpassingar.
- Kan bruke reklamen sine verkemiddel.
- Forstår avsendarrolle.
Andre nyttige nettsider

- Forbrukartilsynet: https://www.forbrukertilsynet.no/
- Medietilsynet: https://www.medietilsynet.no/
- Datatilsynet: https://www.datatilsynet.no/
- Utdanningsdirektoratet: https://www.udir.no/