Gjer det sjølv
No er det opp til deg! Åleine eller i ei gruppe får du i oppgåve å lage ein reklamefilm!
Vel ei eksisterande eller fiktiv merkevare, eit produkt eller ei teneste som du eller de skal lage ein reklamefilm for. Forslag til produkt, merkevare eller teneste kan vere ein ny energidrikk, energibar, løpesko, eit klesplagg, ein ny type applikasjon, trailer for ein film, eller liknande.
Du eller de vel sjølv korleis reklamefilmen skal presenterast.
Hugs å ta i bruk dei verkemidla vi har presentert i Reklameskolen:
- Korleis skal reklamen bli hugsa?
- Er det behov for eit slagord?
- Kva for ein bodskap skal reklamen framheve?
- Kva er formålet med reklamen?
- Er det nokre fargar eller element som vil vere effektfulle å bruke?
- Kor lang skal reklamefilmen vere?
- Tenk gjerne på kva målgruppe reklamen skal rette seg mot.