Personvern
Vil du godta alle cookies? Dette er eit spørsmål som ofte kan dukke opp. Men kva betyr det eigentleg?
Cookies eller informasjonskapslar har med personvern å gjere. Med personvern meinast vern av personopplysningar. Personopplysningar er forståtte som alle opplysningar og vurderingar som kan knytast til deg som enkeltperson. Typiske personopplysningar er namn, adresse, telefonnummer, e-post og fødselsnummer. Men, òg bilde, ansiktsfasong (biometri) og kva du kjøper eller andre handlingsmønster, med meir, blir rekna som personopplysningar.
I praksis vil eit samtykke til informasjonskapslar ha betydning for om nettstaden eller tenesta har moglegheit til å lagre og hente informasjon frå din nettlesar eller eining (mobil, nettbrett eller PC). Dette kan vere informasjon om deg, innstillingane dine og om eininga di. Informasjonskapselen blir for eksempel brukt til å lagre innloggingsdetaljar, hugse handlekorg i nettbutikken eller registrere kor brukaren bevegar seg rundt på nettstaden.
Informasjonen vil vanlegvis ikkje identifisere deg direkte, men kan gi deg ei meir personleg oppleving ved at handlingsmønster blir lagra. Lagringa av enkelte informasjonskapslar vil ofte kunne vere nødvendig for at nettstaden eller tenesta skal fungere best mogleg.
Det er likevel greitt å vere klar over kva du samtykkjer til, og vere oppmerksam på at ikkje alle nettsider eller tenester har like gode intensjonar. Tenk derfor på kva opplysningar du frivillig lèt etter deg! Dette gjeld særleg når du oppgir sensitive personopplysningar, slik som betalingsinformasjon eller liknande. Du kan òg velje å dele berre dei nødvendige informasjonskapslane for å avgrense deling av personopplysningar.
Vil du lese meir?
Personvern er eit omfattande tema. I dagens globaliserte verd har personvern stadig større betydning i kvardagen vår. Du kan lære meir om personvern på dubestemmer.no.
Ordliste
- Personvern: Personvern betyr vern av personopplysningar, og handlar om retten til privatliv og retten til å bestemme over eigne personopplysningar.
- Personopplysningar: Alle opplysningar og vurderingar som kan knytast til deg som enkeltperson.