Skip to content
  • Reklamen og oss
    • Kva er reklame?
      • Kjenner du igjen reklamen?
    • Kven, kva, kor?
    • Reklame overalt!
    • Reklame i skolen
    • Korleis verkar reklame?
      • Språk og fargar
      • Bilde som lyg
      • Kva er retusjert reklame?
      • Løp og kjøp!
      • Konkurransar
    • Merkevarebygging
      • Sponsing
      • Slagord
    • Gjer det sjølv
  • Metodar, medium og miljø
    • Influensarar
    • Den usynlege reklamen
      • Skjult reklame i sosiale medium
      • Er det lov å skjule reklamen?
    • Personleg reklame
    • Barn og unge
      • Beskytta av lova
    • Reklame i spel
    • Klima og miljø
  • Andre tema
    • Netthandel
    • Avtalar og vilkår
    • Økonomi
    • Reklame rett heim
    • Personvern
  • Bytt til Bokmål
Ungdomskole Nynorsk
  • Reklamen og oss
    • Kva er reklame?
      • Kjenner du igjen reklamen?
    • Kven, kva, kor?
    • Reklame overalt!
    • Reklame i skolen
    • Korleis verkar reklame?
      • Språk og fargar
      • Bilde som lyg
      • Kva er retusjert reklame?
      • Løp og kjøp!
      • Konkurransar
    • Merkevarebygging
      • Sponsing
      • Slagord
    • Gjer det sjølv
  • Metodar, medium og miljø
    • Influensarar
    • Den usynlege reklamen
      • Skjult reklame i sosiale medium
      • Er det lov å skjule reklamen?
    • Personleg reklame
    • Barn og unge
      • Beskytta av lova
    • Reklame i spel
    • Klima og miljø
  • Andre tema
    • Netthandel
    • Avtalar og vilkår
    • Økonomi
    • Reklame rett heim
    • Personvern
  • Bytt til Bokmål
Ungdomskole Nynorsk
Illustrasjonsbilde med tre eksempler på tre slagord "Alle skal med", "Hold Norge rent" og "Ingen over - ingen ved siden".

Slagord

Kva er eit slagord? Kva blir det brukt til? Korleis lagar ein eit godt slagord?

Slagord i reklame er eit populært verkemiddel, og kan presenterast både munnleg og skriftleg. Slagord blir brukte gjerne for å få deg som forbruker til å hugse merkevara. Dei kan òg gi uttrykk for haldningar og verdiar som merkevara ønsker å bli forbunden med.

For at du som forbrukar skal hugse slagordet prøver den næringsdrivande å lage slagord som skil seg ut. Derfor er mange slagord både fengande og morosame. Eit slagord kan òg rime, men det viktigaste er at det er relevant for tenesta eller produktet. Dette gjer det òg lettare å hugse slagordet, og sørgjer for at du forbind det med riktig merkevare. Slagord er som regel positive, og bruker gjerne plussord som framhevar dei positive sidene ved merkevara. Dei fleste slagorda er ganske korte. Dette gjer dei lettare å bruke, og dermed lettare å hugse. For jo meir eit slagord blir brukte og gjenteke, jo lettare blir det for deg som forbruker å hugse det. Og det er nettopp det den næringsdrivande ønsker!

Definisjon

Slagord er ord eller eit korte uttrykk som seier noko vesentleg og kort om eit produkt, ei merkevare, ei teneste eller tilsvarande.

Kjenner du slagorda?

Her skal du kombinere riktig merkevare og slagord. Dra slagorda over frå høgresida og slepp dei ned på riktig merkevare.

Trykk sjekk når du er ferdig!

Refleksjonsoppgåve

Sjå på slagorda til dei ulike bilmerka.

Vel deg ut tre av bilmerka. Kva eigenskapar ved bilane sine trur du bilmerka prøver å framheve? Svarer til denne oppfatninga di av bilmerket?

  • Volkswagen – Das Auto
  • Skoda – Simply Clever®
  • Citroën – Creative Technologie
  • Volvo – «For life»
  • Opel – Wir leben Autos
  • Kia – The power to surprise ®
  • BMW – The ultimate driving machine
  • Mercedes – The best or nothing
  • Audi – Truth in Enginerring
  • Nissan – Innovation that excites ®
  • Ford – Go further ®
  • Mazda – Driving Matters
  • Land Rover – Above and beyond
  • Jaguar – The art of performance
  • Lexus – Experience Amazing

Tilbake til “Sponsing av arrangement”
Vidare til “Lag din eigen reklamefilm”

Copyright © 2025 - WordPress Theme by Frontkom AS
  • Vel trinn
  • Lærarrettleiing
  • Videoar
  • Oppgåver
  • Kjelder og litteratur
  • Tilbakemelding
  • Om Forbrukartilsynet
  • Personvern