Skip to content
  • Reklamen og oss
    • Kva er reklame?
      • Kjenner du igjen reklamen?
    • Kven, kva, kor?
    • Reklame overalt!
    • Reklame i skolen
    • Korleis verkar reklame?
      • Språk og fargar
      • Bilde som lyg
      • Kva er retusjert reklame?
      • Løp og kjøp!
      • Konkurransar
    • Merkevarebygging
      • Sponsing
      • Slagord
    • Gjer det sjølv
  • Metodar, medium og miljø
    • Influensarar
    • Den usynlege reklamen
      • Skjult reklame i sosiale medium
      • Er det lov å skjule reklamen?
    • Personleg reklame
    • Barn og unge
      • Beskytta av lova
    • Reklame i spel
    • Klima og miljø
  • Andre tema
    • Netthandel
    • Avtalar og vilkår
    • Økonomi
    • Reklame rett heim
    • Personvern
  • Bytt til Bokmål
Ungdomskole Nynorsk
  • Reklamen og oss
    • Kva er reklame?
      • Kjenner du igjen reklamen?
    • Kven, kva, kor?
    • Reklame overalt!
    • Reklame i skolen
    • Korleis verkar reklame?
      • Språk og fargar
      • Bilde som lyg
      • Kva er retusjert reklame?
      • Løp og kjøp!
      • Konkurransar
    • Merkevarebygging
      • Sponsing
      • Slagord
    • Gjer det sjølv
  • Metodar, medium og miljø
    • Influensarar
    • Den usynlege reklamen
      • Skjult reklame i sosiale medium
      • Er det lov å skjule reklamen?
    • Personleg reklame
    • Barn og unge
      • Beskytta av lova
    • Reklame i spel
    • Klima og miljø
  • Andre tema
    • Netthandel
    • Avtalar og vilkår
    • Økonomi
    • Reklame rett heim
    • Personvern
  • Bytt til Bokmål
Ungdomskole Nynorsk
En haug med røde skilt formet som snakkebobler. Alle skiltene er merket med en rabatt i prosent. FOr eksempel -70% og -20%.
Illustrastjon: Akinbostanci/iStock

Løp og kjøp!

«Opptil 70 % rabatt». «Sal!». «Black Friday». Du har sikkert sett slike plakatar i butikken. Men har du tenkt over kvifor nokre butikkar ser ut til å ha nye sal heile tida? Har du lurt på kvifor influensarar gir følgarane sine «eksklusive» rabattkodar eller korleis butikkane kan tene pengar på å gi bort ting gratis gjennom «ta 3 betal for 2»-tilbod?  

Svaret er at denne typen reklame får deg til å handle fort. Plakatar med «sal» eller «tilbod» kan få deg til å tenke at noko er veldig billig akkurat nå. Eksklusive tilbod og rabattkodar gir inntrykk av at akkurat du er spesielt heldig som får dette tilbodet. Då er det lett å tenke at det gjeld å slå til.

Nettbutikkane bruker òg mange andre verkemiddel for å få deg til å handle raskt. Du kan for eksempel få beskjed om kor mange som ser på eit produkt, eller at tilbodet berre gjeld «så langt lageret rekk». Ofte gjeld tilbodet berre ei kort stund. Nokre nettbutikkar viser ei klokke som tel ned mot slutten av tilbodsperioden.

Det er lett å la seg rive med av slike tilbod. Derfor er det strenge reglar for korleis butikkane kan reklamere for sal. Dei må blant anna skrive prisen både før og etter rabatten. Og førprisen må vere den lågaste prisen vara har hatt dei siste 30 dagane før salet starta.

Likevel er det lurt å vere skeptisk til gode tilbod. Det kan for eksempel vere smart å sjekke om vara er billigare eit anna stad. For det er ikkje alt som er på sal som er billig! 

Kva verkemiddel blir brukt i desse storiane?

Tilbake til “Kva er retusjert reklame?”
Vidare til “Konkurransar”

Copyright © 2025 - WordPress Theme by Frontkom AS
  • Vel trinn
  • Lærarrettleiing
  • Videoar
  • Oppgåver
  • Kjelder og litteratur
  • Tilbakemelding
  • Om Forbrukartilsynet
  • Personvern