Beskytta av lova

Barn og unge har eit ekstra vern mot reklame som ikkje vaksne har. Dette gjeld ikkje berre reklame som er retta spesielt mot barn, men for all reklame. Det er fordi barn og unge òg kan sjå og høyre reklame som eigentleg ikkje er meint for dei.

Skjult reklame

Skjult reklame er aldri lov. Og når barn og unge er målgruppa, stiller lova ekstra strenge krav til at reklamen skal vere lett å kjenne igjen. Desse krava er strengare jo yngre mottakarane er. Det skal vere heilt tydeleg kva som er reklame – òg for barn. I reklame til dei minste barna vil det fort vere ulovleg å blande reklame med anna innhald, for eksempel når det blir reklamert i spel. Dette gjeld sjølv om reklamen er merka.

Direkte kjøpsoppfordringar

Det er forbode å bruke direkte kjøpsoppfordringar retta mot barn og unge.

Direkte kjøpsoppfordringar er når reklamen oppfordrar barn til å kjøpe ei vare eller ei teneste., eller til å be vaksne om å kjøpe noko. Tekst som for eksempel «kjøp nå», «løp og kjøp» eller «bestill her» blir rekna som direkte kjøpsoppfordringar.

Problematisk reklame

I nokre tilfelle kan òg andre former for reklame vere forbode når dei er retta mot barn og unge.

Det kan til dømes vere:

  • Reklame gjennom verving av vennar.
  • Konkurransar som krev deling i sosiale medium.
  • Reklame som spelar på sosial usikkerheit, dårleg samvit eller dårleg sjølvtillit. Det kan for eksempel gjelde reklame som spelar på kropp, og som kan bidra til kroppspress.
  • Reklame som bruker skremmande verkemiddel for å spreie frykt.
  • Reklame som bruker aggressive verkemiddel som vald, seksualitet og rusmiddel.

Definisjon

Barn og unge: Med barn og unge meiner ein alle personar under 18 år.

Ekstratekst: Modellkurs for jenter

Hei, kunne du tenke deg å delta på modellkurs?

Slik begynte meldingane frå ein modellagent til unge jenter på Instagram. Er slik reklame eigentleg lov?

Kva er lov?