Om Forbrukartilsynet
Eit enklare og tryggare samfunn for forbrukarane
Forbrukartilsynet er ein offentleg tilsynsmyndigheit som fører tilsyn med marknadsføring og avtalevilkår, handhevar forbrukarvernlovgivning og meklar i konfliktar mellom forbrukarar og næringsdrivande.
Forbrukartilsynet jobbar for eit enklare og tryggare samfunn for norske forbrukarar. Vi jobbar med å førebyggje og stoppe ulovleg marknadsføring og urimelege avtalevilkår for norske forbrukarar. Vi rettleiar næringsdrivande om kva lovar og reglar som gjeld for marknadsføring, og vi driv informasjonsarbeid retta mot både forbrukarar og næringsdrivande. For å lære barn og unge om reklame, og korleis den påverkar oss, har vi laga denne “Reklameskolen”.
Reklameskolen er eit digitalt undervisningsverktøy om reklame. Det er utvikla av Forbrukertilsynet på oppdrag frå Barne- og familiedepartementet. Målet er at dagens barn og unge skal få sunne og gode haldningar til reklame, og at dei skal bli i stand til å ta trygge og velinformerte val som forbrukarar.