Språk og fargar
Har du nokon gong tenkt over kvifor du vel eit produkt av eit spesielt merke overfor eit anna? Eller kvifor du kjøpte akkurat den genseren, eller ønsker deg akkurat det hovudsettet?
Reklamebransjen har eit stort utval av ulike verkemiddel som dei kan bruke for å påverke oss til å kjøpe ting.
Nokre verkemiddel kjenner du kanskje igjen, som kva for eit språk som blir brukt i reklamen. Ord som «Sal», «Tilbod» eller «Elleville dagar» kan påverke oss utan at vi er klar over det. Enkelte butikkar og kjeder bruker òg slagord, som er enkle å hugse og som kan liggje i bakhovudet vårt. Du kjenner kanskje òg igjen somme songar eller musikksnuttar som blir brukt både på tv og i radio, og som du no forbind med eit spesielt produkt eller ei spesiell kjede.
Andre verkemiddel skal påverke deg til å ta raske avgjerder. Det kan for eksempel vere ei klokke som tikkar ned på bestillingssida, eller når du i nettbutikken får beskjed om at ei viss mengde andre personar ser på same produkt som deg akkurat nå. Alle desse verkemidla er nøye planlagt for å få deg til å kjøpe ei bestemt vare.
Ordforklaring
Verkemiddel: Metodar og verktøy ein kan bruke for å nå eit mål. Reklamen bruker mange verkemiddel for å fange merksemda di.
Språklege verkemiddel
Språket kan påverke korleis vi oppfattar reklamen.
Her er nokre av dei vanlegaste verkemidla som blir brukte i reklame:
Fargar
Fargar kan få deg til å tenkje at produktet har somme kvalitetar, utan at det blir sagt eller skrivast i reklamen.
Desse fargane blir brukte ofte for å symbolisere eller antyde bestemde verdiar eller eigenskapar: