Personleg reklame
Mange nettsider og appar samlar inn informasjon om kor, når og korleis du bruker dei. Dei lagrar blant anna kva du klikkar på, og kor lenge du ser på kvart innlegg. Dei undersøker òg kva du legg ut sjølv. Både tekst, bilde og videoar. I tillegg lagrar dei kva andre nettstadar du har besøkt. Slik teiknar dei eit tydeleg bilde av kven du er, kor du bur og kva du liker.
Dei som lagar appar og nettsider vil gjerne gi inntrykk av at dei samlar inn data for å lage ei betre teneste. Men den same informasjonen kan òg brukast for å vise deg persontilpassa reklame – reklame som verkar ekstra godt på akkurat deg. Reklamen på mange nettstadar og appar er nemleg styrt av algoritmar. Desse små dataprogramma kan bruke all denne informasjonen til å vise deg reklame for ting det er stor sjanse for at du vil like.
Definisjon
Algoritme: Ei oppskrift som forklarer korleis noko skal gjerast. I sosiale medium er algoritmane små dataprogram. Dei bestemmer blant anna kva innlegg du får sjå.
Videoen er utarbeidd av Medietilsynet og Forbrukarrådet, med finansiering av EU.