Kjenner du igjen reklamen?

Nå som du veit kva reklame er, burde det vere ei smal sak å kjenne han igjen. Eller?

I førre del lærte du om kva reklame er. No skal vi sjå nærare på nokre eksempel på korleis reklame kan sjå ut.

Sjølv om reklame stort sett har det same målet, treng ikkje all reklame sjå lik ut. Tvert imot! Det finst tallause former for reklame: Reklamefilm, plakatar, banner, radioreklame, tilbodsaviser og reklameinnlegg i sosiale medium er berre nokre av dei.

Reklame kjem altså i alle moglege former. Det er slett ikkje alltid like lett å kjenne igjen reklame, sjølv om du ser han føre deg.

Merk reklamen!