
Saka om den falske Lotto-millionæren

Megafin kajakk gis bort grunnet Lotto-premie!
Har vunnet i Lotto og bestemt meg for å legge inn årene. I og med at jeg egentlig aldri har lagt dem noe særlig ut. Har planer om å kjøpe med romaskin. Advarsel: det å padle ER faktisk veldig slitsomt.
Mye mer slitsomt enn å seile f.eks. Men hvis du er en av dem som ønsker deg «overkropp a la kajakk» har det hvert fall aldri hvert rimeligere å få tak i utstyret. Det er gratis. Kom og hent.
Panasonic 42 tommers flatskjerm gis bort grunnet Lotto-premie
Har vunnet i Lotto og gir bort alt jeg eier. Inkludert en flattskjerm-tv til 17 000. Galskap sier du? Da har du ikke sett monsteret jeg skal erstatte den med. Panasonicen er din hvis du henter den. Helt gratis!
I 2013 kunne ein finne desse og over 100 ulike slike annonsar på FINN.no. I annonsane skreiv «Fredrik» at han hadde vunne i Lotto. Han hadde derfor funne ut at han ville begynne med blanke ark. Alt han eigde og hadde skulle givast bort. Annonsane var i form og innhald likt det vi normalt finn på FINN.no.
Annonsane fekk naturlegvis mykje merksemd. Til saman blei dei sett over 362 000 gongar. «Fredrik» fekk over 32 000 e-post frå folk som tok kontakt for å få dei ulike eigedelane. Dette førte til at trafikken på «gi bort-torget» på FINN.no auka med 22 % i perioden annonsane låg ute.
I verkelegheita viste det feile seg å vera eit reklamestunt sett i scene av Norsk Tipping. Det fanst ingen lottomillionær. Det som var opplyst å vere gratis eigedelar som blei gitt bort, var i verkelegheita ein konkurranse der det blei sendt ut e-post med reklame om Norsk Tipping til alle som tok kontakt. Mange av eigedelane var i verkelegheita handla på Fretex og andre bruktmarknader.
Marknadsrådet (MR-2013-207) slo fast at marknadsføringa var ulovleg, sidan han var urimeleg og villeiande. Han var heller ikkje tydeleg merka som reklame. Norsk Tipping måtte betale eit lovbrotsgebyr på kr 200 000.