Konkurransar
I sosiale medium er det mykje reklame. Så mykje at du kanskje ikkje legg merke til han. Konkurransar kan vere ein god måte å skape merksemd på. Når du kan vinne ein stor premie, er det kanskje større sjanse for at du legg merke til reklamen. Konkurransar med flotte premiar skaper ofte mykje aktivitet. Mange liker reklamen, deler den eller taggar vennar. Alt for å få ein sjanse til å vinne premien.
Klare vilkår
Det er ikkje alle konkurransar som er lovlege. Dei som lagar konkurransane, må følge mange reglar. Dei må blant anna forklare tydeleg kva som er vilkåra for å vere med i konkurransen. Det må for eksempel vere lett å forstå
- korleis du deltek i konkurransen.
- når og korleis vinnaren blir kåra.
- om det er aldersgrense eller krav til å bu ein spesiell stad for å delta.
- eventuelle vilkår for levering eller henting av premie.
- om du må kjøpe noko eller seie ja til å ta imot nyheitsbrev for å delta.
Dette er ikkje lov
- Det er ikkje lov å lokke med premiar som aldri blir delt ut. Dersom ein annonsør har ein konkurranse kor dei lovar å dele ut ein premie, må han faktisk gjere det.
- Det er ikkje lov å seie at ein premie er gratis viss han ikkje faktisk er det i. Dersom du for eksempel må betale frakt for å ta imot premien, er han ikkje gratis.
- Det er ikkje lov å krevje at du må tagge vennar for å delta i konkurransen.
Ekstratekst: Bloggemamma sine fiktive konkurransar
Har du lyst til å lese om bloggemammaa som heldt fiktive konkurransar for å auke merksemda rundt eigen blogg?