Bloggemammaa fiktive konkurransar
I 2018 publiserte ei kjent bloggemamma sju konkurransar på seks dagar som gjekk ut på å «like» sida hennar. Kort tid seinare blei det heldt to nye konkurransar der ein kunne vinne premiar om ein «likte sida» og kommenterte «ja» på innlegget. Trekninga skulle vera kort tid etterpå. Begge innlegga blei likevel sletta utan at det var trekt vinnarar. Kvar av konkurransane hadde ein premie til ein verdi av rundt kr 1 000,-.
Først etter at Forbrukartilsynet hadde varsla sanksjonar blei det trekt vinnar i fem av konkurransane.
Marknadsrådet (MR-2018-1234) påla bloggemammaa ei bot på kr 100 000,-. Det blei vurdert som alvorleg at det som utgangspunkt var heldt fiktive konkurransar. Det blei uttala at «Premierte konkurranser er et virkemiddel som i særlig grad er egnet til å tiltrekke seg forbrukernes oppmerksomhet, ikke bare til den konkrete konkurransen, men også til produktene som kan vinnes og foretakets øvrige markedsføring.» Sjølv om det berre var stilt enkle krav til deltaking, og det isolert sett var låg deltaking sett opp mot talet følgerar, blei det lagt vekt på konkurransane si betyding for å vekke merksemd.
