Modellskolen som tok direktekontakt
Hei, kunne du tenke deg å delta på modellkurs? En dag med meg og sjansen til å bli oppdaget som modell …
Slik begynte meldingane sendt frå ein modellagent til unge jenter på Instagram. Meldingane blei sende gjennom Messenger, og var ein invitasjon om å delta på modellkurs.
Hei, hvis du blir med på en weekend med meg, kommer du til å få en ny fremtid ? Håper du blir med!
Var du jente i perioden frå 2016 til 2018 og aktiv på Instagram, kunne du oppleve å få ei direktemelding frå ein modellagent med invitasjon om å delta på modellkurs. Det kom gjerne fram at du var blitt spesielt lagt merke til, at du hadde det som skulle til, og at du hadde ein mogleg modellkarriere i framtida. Det var dessutan få plassar om du skulle nøle med å seie ja.
Er du usikker? Vel, Synd å kaste bort utseendet …
Om du var under 18 år var dette inga hindring. Modellagenten kunne gjerne snakke med foreldra dine. At modellkurset kosta fleire tusen kroner, alt frå 5 500,- og opp til 25 000,- kroner, blei naturlegvis ikkje nemnt.
Fleire av jentene som tok imot desse meldingane følte seg naturlegvis spesielle sidan akkurat dei blei kontakta. Nokon følte seg nesten tvinga til å delta. Fleire blei frårådd å delta, eller valde sjølv å ikkje delta på kurset.
Slike meldingar er naturlegvis ikkje lov.
Å sende reklame i direktemeldingar blir rekna som ein direkte kjøpsoppfordring. Dette er forbode viss mottakaren ikkje har sagt ja til å få slike meldingar. Direkte kjøpsoppfordringar til ein som er under 18 år, er uansett forbode.
Forbrukartilsynet fatta vedtak (2018-1870) om at annonsøren i dette tilfellet måtte betale 150 000,- i bot.


