Skip to content
  • BYT TIL BOKMÅL
Ungdomskole Nynorsk
  • BYT TIL BOKMÅL
Ungdomskole Nynorsk
Tilbake til oversikta
  • Verdas verste video
  • Oppgåve 1: Lag verdas verste video
  • Oppgåve 2: Diskuter
  • Sjekkliste: Reklamereglar
Tilbake til oversikta
Innhold
  • Verdas verste video
  • Oppgåve 1: Lag verdas verste video
  • Oppgåve 2: Diskuter
  • Sjekkliste: Reklamereglar

Verdas verste video

I Noreg er det strenge reglar for kva som er lov i reklame. Det skal til dømes vere tydeleg kva som er reklame, og det er ikkje lov å påstå noko som ikkje er sant. Alle næringsdrivande må følge desse reglane. Men i denne oppgåva skal de få lov til å bryte dei – gjerne så mange som mogleg.

Oppgåve 1: Lag verdas verste reklamevideo

Verdas verste video

  1. Sett dykk inn i reglane for reklame (sjå sjekklista under)
  2. Film verdas verste influensarvideo, og bryt så mange reglar som mogleg
  3. Rediger filmen og legg på tekstar. Hugs å lagre!
  4. Vis videoen for klassen. Kor mange lovbrot klarer klassekameratane dykkar å oppdage?

Oppgåve 2: Kva er vitsen med reglar?

Diskusjonsoppgåve: Vitsen med reglar

Sjå på reglane i lista under. Diskuter i klassen:

  1. Kvifor trur de vi har akkurat desse reglane?
  2. Har de sett lovbrot frå lista på sosiale medium? Kom gjerne med eksempel! 
  3. Hadde de blitt meir påverka, om alt dette var lov?

Sjekkliste: Reglar for reklame

Klikk på punkta for å lese meir.

Det skal vere tydeleg kva som er reklame.
  • Reklameinnlegg i sosiale medium må merkast.
  • Merkinga skal vere så tydeleg at du ser han med ein gong.
    Forbrukartilsynet har laga ei eiga rettleiing som viser korleis du kan merke i forskjellige sosiale medium.
Annonsøren må kunne dokumentere alle påstandar.
  • Viss eit firma påstår at produktet deira er best eller billigast, må dei kunne vise fram undersøkingar eller testar som viser nettopp det.
  • Det er ikkje lov å påstå at noko er miljøvennleg utan at ein kan bevise det.
  • Viss reklamen påstår at eit produkt er miljøvennleg, bør han òg forklare kvifor og på kva måte produktet er bra for miljøet.
Barn skal vernast mot skadeleg reklame.
  • Direkte kjøpsoppfordringar til barn er ikkje lov. Man kan for eksempel ikkje skrive «løp og kjøp» eller «kjøp no» i reklame til barn. Det er heller ikkje lov å be dei mase på vaksne for å få dei til å kjøpe noko.
  • Barn bør ikkje sjå reklame som speler på kropp og kan bidra til kroppspress. Det gjeld til dømes reklame for kosmetiske behandlingar og operasjonar.
  • Det er ikkje lov å spele på frykt eller bruke skremmande verkemiddel i reklame til barn.
  • Reklame til barn bør ikkje innehalde vald, sex og rusmiddel.
Det er ikkje lov å jukse med konkurransar.
  • Det er ikkje lov å lokke med premiar som aldri blir delt ut. Viss eit firma held ein konkurranse der dei lovar å gi bort premiar, må dei faktisk dele ut premiane.
  • Det er ikkje lov å påstå at ein premie er gratis viss du må betale noko for å få den.
  • Det er ikkje lov å krevje at du skal tagge vennar for å få vere med i konkurransen.
Det er strenge reglar for pengespel.

Du kan lese meir om dette på Reklameskolen for VGS:

  • Pyramidespel er forbode!
  • Det er ikkje lov å reklamere for utanlandske pengespel i Noreg.
Retusjert reklame må merkast.
  • All reklame der storleiken, fasongen eller huda til ein kropp er retusjert, skal merkast med eit spesielt merke.
Prisen må vere riktig.
  • Når ei vare er på sal, må seljaren oppgi kva den kosta før. Til dømes «50% avslag. Før: 300. Nå: 150».
  • Før-prisen skal vere den lågaste prisen butikken har hatt på vara dei siste 30 dagane.
    Du kan lese meir om dette på Reklameskolen for barneskolen.
Copyright © 2026 - WordPress Theme by Frontkom AS
  • Vel trinn
  • Lærarrettleiing
  • Kjelder og litteratur
  • Tilbakemelding
  • Om Forbrukartilsynet
  • Personvern