Skip to content
  • BYT TIL BOKMÅL
Ungdomskole Nynorsk
  • BYT TIL BOKMÅL
Ungdomskole Nynorsk
Tilbake til oversikta
  • Kor miljøvennleg er det eigentleg?
  • Kva er lov?
  • Zalando-saka
  • Oppgåve 1: Finn orda!
  • Miljømerking
  • Oppgåve 2: Hva betyr merka?
Tilbake til oversikta
Innhold
  • Kor miljøvennleg er det eigentleg?
  • Kva er lov?
  • Zalando-saka
  • Oppgåve 1: Finn orda!
  • Miljømerking
  • Oppgåve 2: Hva betyr merka?

Kor miljøvennleg er det eigentleg?

Mange reklamerer for miljøvennlege produkt. Men kor miljøvennlege er dei eigentleg?

I dag er mange opptekne av klima og miljø. Det veit sjølvsagt dei som lagar reklame. Derfor er det mykje reklame som skryter av kor miljøvennlege ting er. Mange firma kallar produkta dei sel for miljøvennlege, grøne, berekraftige, klimanøytrale og liknande.

Fargar, symbol eller bilete kan også gi eit inntrykk av at produktet er naturleg eller miljøvennleg. Mange firma bruker til dømes grønt eller blått for å vise at noko er miljøvennleg. Andre bruker symbol som lauvblad, vassdropar eller jordklodar.

Mange firma reklamerer for miljøvennlege produkt,  sjølv om berre ein liten del av produkta er bra for miljøet. Andre gonger kan produktet kanskje vere litt betre for miljøet enn andre produkt. Likevel er det ikkje eigentleg miljøvennleg. Ein genser kan til dømes vere laga av resirkulert plast. Resirkulert plast er kanskje  betre for miljøet enn ny plast. Men det er framleis plast.  Produksjon av plast krev energi og fører til forureining. Og når du bruker og vaskar genseren, blir det heile tida slite av små mikroplastbitar. Til slutt endar heile genseren opp som plastavfall. Ingenting av dette er særleg miljøvennleg.

På mange måtar kan vi seie at ingenting av det vi menneske lagar, sel, kjøper og bruker eigentleg er miljøvennleg. Alt vi gjer påverkar miljøet. Det å kjøpe noko er nesten alltid verre for miljøet enn å la vere.

Kva er lov?

Likevel held mange firma fram med å reklamere for miljøvennlege produkt. Men er det eigentleg lov?

Viss du påstår noko i reklame, må du kunne bevise at det faktisk er sant. Det er ikkje lov å reklamere for miljøvennlege produkt utan at du kan bevise at dei faktisk er miljøvennlege. Viss reklamen påstår at eit produkt er miljøvennleg, bør han også forklare kvifor og på kva måte produktet er bra for miljøet.

Dessverre er det mange firma som slurvar med dette. Av og til står det til dømes at noko er miljøvennleg utan at det står noko meir om kva det betyr. Det kan fort vere ulovleg.

Nettbutikk måtte forandre reklame

Nettbutikken Zalando reklamerte for berekraftige produkt. Dei brukte eigne miljømerke og ord som “Sustainability (berekraft)”. Forbrukartilsynet meinte dette var ulovleg. Saka enda med at Zalando måtte slutte å reklamere på denne måten. Les meir om saka her: Zalando fjerner villedende klima- og miljøpåstander.

Oppgåve 1: Finn orda!

Ord om miljø

I denne oppgåva skal du leite etter ord som ofte blir brukt i reklame for å vise at noko er miljøvennleg. Orda du skal fram til finn du i lista under oppgåva.

Når du har funne eit ord, merkar du det ved å trykke på den første bokstaven og dra musepeikaren over resten av bokstavane.

Orda kan vere skrivne loddrett, vassrett, på tvers og baklengs.

Miljømerking

I mykje reklame blir det brukt symbol og merke for å vise at noko er miljøvennleg. Nokre av desse symbola er merkeordningar.

Ikkje alle merkeordningar er til å stole på. Nokre av dei har firma og bransjar funne opp sjølv. Da er det vanskeleg å vite kor seriøse dei er. Andre merkeordningar er offentleg godkjente. Det gjeld til dømes Svanemerket. Dette merket kan berre brukast på produkt som oppfyller strenge miljøkrav som blir kontrollerte av ekspertar.

Oppgåve 2: Hva betyr merka?

Kjenner du desse miljømerka?

Copyright © 2026 - WordPress Theme by Frontkom AS
  • Vel trinn
  • Lærarrettleiing
  • Kjelder og litteratur
  • Tilbakemelding
  • Om Forbrukartilsynet
  • Personvern