Skjult reklame
Reklame verkar best når vi ikkje veit at det er reklame. Derfor er skjult reklame ulovleg.

Dei fleste er klare over at reklame er laga for å påverke oss. Derfor blir vi gjerne også meir skeptiske når vi ser reklame. Vi stolar meir på personlege tilrådingar vi får frå vennar eller kjente. Men kva viss «vennen» eigentleg blir betalt for å tilrå deg eit visst produkt? Eller viss reklamen er laga slik at han skal sjå ut som ei personleg tilråding? Dette kallar vi skjult reklame.
Skjult reklame er rett og slett reklame som ikkje ser ut som reklame. Reklamen kan til dømes vere skjult i ein podkast, eit skin i eit PC-spel, eit innlegg på TikTok, eller ein film på YouTube. Ofte er det uklart kven som eigentleg står bak reklamen.
Når du ikkje veit at det er reklame du ser, er du kanskje mindre skeptisk til bodskapen. Jo meir skjult reklamen er, jo meir effektiv kan han vere.
Er det lov å skjule reklamen?
I marknadsføringslova står det at reklame skal lagast og presenterast sånn at det er tydeleg at det er reklame. Viss det ikkje er lett å sjå med ein gong at noko er reklame, må reklamen merkast. Skjult reklame er nemleg ikkje lov.
I sosiale medium er reklamen ofte blanda med anna innhald. Det gjer det vanskeleg å vite kva som er reklame, og kva som faktisk er personlege tilrådingar. Derfor må reklame i sosiale medium merkast tydeleg. Influensarar som får betalt for å legge ut innlegg eller stories i sosiale medium må merke innlegga som reklame eller annonse. Dette skal dei gjere på ein slik måte at du med ein gong ser at eit innlegg eller ein story er reklame. Dei må også skrive kva dei reklamerer for. Influensarar kan til dømes vere gamarar, youtubarar, tiktokarar og kjendisar.
Sjølv om mange norske influensarar er flinke til å merke innlegga som reklame, er det ikkje alle som gjer det. Nokre veit kanskje ikkje at dei må merke reklamen. Andre lèt vere å merke med vilje, for at reklamen skal fungere betre. Og nokre merkar reklamen, men lagar merkinga slik at ho skal vere vanskeleg å få auge på. Dei legg altså ut skjult reklame.
Kva må merkast?
Ikkje alle influensarar får betalt i pengar. Nokre får gratis produkt, reiser, rabattar eller andre fordeler for å vise fram eit produkt. Slike innlegg er også reklame.
Mange influensarar har eigne kleskolleksjonar eller samarbeider med andre om til dømes sminke, hudpleie eller andre produkt. Det tener dei pengar på. Når dei viser fram sine eigne produkt, eller til dømes har på seg ein genser frå sitt eige klesmerke, blir det kalla eigenreklame. Slike innlegg må dei òg merke.
Oppgåve 1: Finn merkinga
Plasser forstørringsglaset over merkinga. Trykk deretter «Sjekk» for å sjå om du har funne henne.
Ser du reklamemerkinga?
Oppgave 2: Diskuter effekten av merkinga
Diskuter fordeler og ulemper med merking
- Kva er fordelane og ulempene for influensarane som må merke innlegga sine som reklame?
Tenk på om det har noko å seie for truverdet, og kor mykje dei sel eller tener. Trur du dei når ut til fleire eller færre? - Kva er fordelane og ulempene for deg ved at innlegga er merka som reklame?
Gjer reklamemerkinga at du blir meir eller mindre påverka av det innhaldet du ser? På kva måte?
