Verdas verste video
I Noreg er det strenge reglar for kva som er lov i reklame. Det skal til dømes vere tydeleg kva som er reklame, og det er ikkje lov å påstå noko som ikkje er sant. Alle næringsdrivande må følge desse reglane. Men i denne oppgåva skal de få lov til å bryte dei – gjerne så mange som mogleg.
Oppgåve 1: Lag verdas verste reklamevideo
Verdas verste video
- Sett dykk inn i reglane for reklame (sjå sjekklista under)
- Film verdas verste influensarvideo, og bryt så mange reglar som mogleg
- Rediger filmen og legg på tekstar. Hugs å lagre!
- Vis videoen for klassen. Kor mange lovbrot klarer klassekameratane dykkar å oppdage?
Oppgåve 2: Kva er vitsen med reglar?
Diskusjonsoppgåve: Vitsen med reglar
Sjå på reglane i lista under. Diskuter i klassen:
- Kvifor trur de vi har akkurat desse reglane?
- Har de sett lovbrot frå lista på sosiale medium? Kom gjerne med eksempel!
- Hadde de blitt meir påverka, om alt dette var lov?
Sjekkliste: Reglar for reklame
Klikk på punkta for å lese meir.
Det skal vere tydeleg kva som er reklame.
- Reklameinnlegg i sosiale medium må merkast.
- Merkinga skal vere så tydeleg at du ser han med ein gong.
Forbrukartilsynet har laga ei eiga rettleiing som viser korleis du kan merke i forskjellige sosiale medium.
Annonsøren må kunne dokumentere alle påstandar.
- Viss eit firma påstår at produktet deira er best eller billigast, må dei kunne vise fram undersøkingar eller testar som viser nettopp det.
- Det er ikkje lov å påstå at noko er miljøvennleg utan at ein kan bevise det.
- Viss reklamen påstår at eit produkt er miljøvennleg, bør han òg forklare kvifor og på kva måte produktet er bra for miljøet.
Barn skal vernast mot skadeleg reklame.
- Direkte kjøpsoppfordringar til barn er ikkje lov. Man kan for eksempel ikkje skrive «løp og kjøp» eller «kjøp no» i reklame til barn. Det er heller ikkje lov å be dei mase på vaksne for å få dei til å kjøpe noko.
- Barn bør ikkje sjå reklame som speler på kropp og kan bidra til kroppspress. Det gjeld til dømes reklame for kosmetiske behandlingar og operasjonar.
- Det er ikkje lov å spele på frykt eller bruke skremmande verkemiddel i reklame til barn.
- Reklame til barn bør ikkje innehalde vald, sex og rusmiddel.
Det er ikkje lov å jukse med konkurransar.
- Det er ikkje lov å lokke med premiar som aldri blir delt ut. Viss eit firma held ein konkurranse der dei lovar å gi bort premiar, må dei faktisk dele ut premiane.
- Det er ikkje lov å påstå at ein premie er gratis viss du må betale noko for å få den.
- Det er ikkje lov å krevje at du skal tagge vennar for å få vere med i konkurransen.
Det er strenge reglar for pengespel.
Du kan lese meir om dette på Reklameskolen for VGS:
Retusjert reklame må merkast.
Prisen må vere riktig.
- Når ei vare er på sal, må seljaren oppgi kva den kosta før. Til dømes «50% avslag. Før: 300. Nå: 150».
- Før-prisen skal vere den lågaste prisen butikken har hatt på vara dei siste 30 dagane.
Du kan lese meir om dette på Reklameskolen for barneskolen.
