Til læraren
Reklameskolener eit gratis digitalt undervisningsverktøy om reklame utvikla av Forbrukartilsynet på oppdrag frå Barne- og familiedepartementet.
Barn og unge i dag møter reklame heile tida. Mellom anna i butikken, på skolen, i sosiale medium, i spel og på fritidsaktivitetar. Det er reklame overalt, og det er ikkje alltid like lett å vite kva som er reklame.
Målet med Reklameskolen er å lære elevane å kjenne igjen reklame og forstå korleis reklamen påverkar oss. Då blir det lettare for dei å forhalde seg kritisk til reklamebodskap og ta gode val i møtet med reklame.
Slik bruker du Reklameskolen
I Reklameskolen kan elevane lære gjennom videoar, tekstar og oppgåver. VGS-versjonen består av frittståande sider om ulike emne innan temaa netthandel, raske pengar, verkemiddel i reklame og kontraktar og avtalar.
Du kan bruke sidene uavhengig av kvarandre, og i valfri rekkefølge, sjølv om det kan vere fint å starte med å sjå videoen på framsida. Det er altså fullt mogleg å velje ut ei enkel side til bruk i undervisninga, utan at læraren eller elevane treng å gå gjennom dei andre.
Kvar side startar med enten ein tekst eller ein video som forklarer det aktuelle emnet. Deretter følger ei eller fleire oppgåver som testar kva elevane har lært om emnet. Nokre av oppgåvene er interaktive, andre er diskusjons- eller skriveoppgåver. Fleire av oppgåvene inneheld element av reklameanalyse.
Reklameskolen og læreplanane
Reklameskolen for VGS er meint for bruk på alle studieretningar i vidaregåande skole. Mykje av innhaldet vil fungere godt i norsk eller samfunnsfag, men fleire av sidene kan òg brukast i for eksempel sal, service og reiseliv eller media- og informasjonskunnskap.
Kvar side har ei oversikt over relevante kompetansemål nedst. Du finn kompetansemåla raskt via menyen til venstre på sida.
Førebuing
Elevar og lærarar treng ikkje førebu seg på opplegget på nokon bestemt måte, men det er lurt at læraren har gått gjennom dei aktuelle sidene før elevane skal i gang med dei.
ICPEN Consumer Education Awards
I 2024 vann Reklameskolen ICPEN Consumer Education Awards i kategorien barn og unge. Denne prisen blir delt ut av International Consumer Protection and Enforcement Network (ICPEN), og går til ein informasjonskampanje som har bidrege til god opplysning av forbrukarane.