Personvernerklæring
Nettsida reklameskolen.no er utvikla av Frontkom på oppdrag frå Forbrukertilsynet.
Frontkom er databehandlar for informasjon som blir samla inn på nettsida. Denne informasjonen blir lagra på eigne serverar i Noreg.
Det er berre tilsette hos Forbrukartilsynet og Frontkom som har tilgang til opplysningane som blir lagra. Ein eigen databehandleravtale mellom Forbrukertilsynet og Frontkom regulerer kva slags informasjon leverandøren har tilgang til og kva leverandøren kan gjere med denne informasjonen.
Informasjonskapslar
Ein informasjonskapsel (cookie) er ei lita tekstfil som blir lasta ned og lagra på maskina di.
Når du brukar Reklameskolen, blir det plassert to slike informasjonskapslar i nettlesaren din.
Forbrukartilsynet nyttar informasjonskapslane for å samle inn informasjon om korleis du brukar Reklameskolen. Det gjer vi for å kunne gjere Reklameskolen betre og meir nyttig for deg og andre brukarar.
Informasjonen vi samlar inn, blir lagra i EU. All informasjonen blir anonymisert. Vi samlar ikkje inn nokon informasjon som kan knytast direkte til IP-adressa di. Vi veit altså ikkje kven du er eller kor du bur.
Vil du vite meir om korleis Forbrukartilsynet behandlar personopplysningar?
Les meir i personvernerklæringa frå Forbrukartilsynet.
Tilgjengeligheitserklæring
Trykk på knappen for å sjå tilgjengelighetserklæringa for Reklameskolen.
