Skip to content
  • BYT TIL BOKMÅL
Ungdomskole Nynorsk
  • BYT TIL BOKMÅL
Ungdomskole Nynorsk

Kva er retusjert reklame?

I reklame skal alt helst sjå perfekt ut. Både menneske og ting. Ofte blir kroppane i reklamen endra på for å sjå så bra ut som mogleg.  Å endre bilde på denne måten kallar vi retusjering.  

Slik reklame kan føre til kroppspress. Det er lett å samanlikne seg sjølv med dei perfekte menneska på reklamebilda. Dette kan bidra til at barn og unge får dårlegare sjølvtillit. Derfor står det i lova at all reklame der størrelsen, fasongen eller huda til ein kropp er retusjert, skal merkast med eit spesielt merke. 

Merket til høgre viser at personane i reklamen er endra på, og ikkje ser slik ut i verkelegheita.  

Definisjon

Retusjert reklame: Reklame der fasongen, størrelsen eller huda til ein kropp er endra på.

Logo i svart/hvitt med teksten "Retusjert person. Reklame".
Tilbake til “Bilde som lyg”
Vidare til “Løp og kjøp!”
Copyright © 2026 - WordPress Theme by Frontkom AS
  • Vel trinn
  • Lærarrettleiing
  • Kjelder og litteratur
  • Tilbakemelding
  • Om Forbrukartilsynet
  • Personvern