Reklame til barn og unge
Det er ikkje ulovleg å reklamere til barn og unge. Men i Noreg har vi eigne reglar som skal verne barn og unge mot reklame som kan vere skadeleg.

I dag ser barn og unge mykje meir reklame enn før. Reklamen er nemleg overalt. På skulen, i læringsmateriell, på skulebussen og på TV. Og i sosiale medium er det fullt av reklame. Dermed blir også barn heilt ned til niårsalderen utsett for store mengder reklame.
I ei undersøking utført av Medietilsynet i 2024, svarte 64 prosent av 9–18-åringane som bruker sosiale medium at det er for mykje reklame i sosiale medium (Medietilsynet: Barn og medier 2024).
Gambling, slanking og store musklar
Den same undersøkinga viste at 60 prosent av 14–18-åringane har fått reklame for pengespel eller gambling. Nesten halvparten i denne aldersgruppa har fått reklame for produkt for å gå ned i vekt og/eller produkt som skal gi større musklar.
Oppgave 1: Upassande reklame
Diskuter: har du fått upassande reklame?
- Har du sett ein reklame du synest var upassande eller ubehageleg?
- Synest du at det er for mykje reklame i sosiale medium?
- Kva trur du denne reklamen gjer med barn og unge i dag?
Verna av lova
Barn og unge har eit ekstra vern mot reklame som ikkje vaksne har.
Ifølgje norsk lov er alle under 18 år barn. Lovene i Noreg gir barn eit ekstra vern mot reklame. Det gjeld ikkje berre for reklame som er retta spesielt mot barn, men for all reklame. Det er fordi barn og unge også kan sjå og høyre reklame som eigentleg ikkje er meint for dei.
Skjult reklame
Skjult reklame er aldri lov. Og når barn og unge er målgruppa, stiller lova ekstra strenge krav til at reklamen skal vere lett å kjenne igjen. Desse krava er strengare jo yngre mottakarane er. Det skal vere heilt tydeleg kva som er reklame – også for barn. I reklame til dei minste barna vil det fort vere ulovleg å blande reklame med anna innhald. Det gjeld til dømes når det er reklame i spel – sjølv om reklamen er merka.
Direkte kjøpsoppfordringar
Det er forbode å bruke direkte kjøpsoppfordringar retta mot barn og unge.
Direkte kjøpsoppfordringar er når reklamen oppfordrar barn til å kjøpe ei vare eller ei teneste, eller til å be vaksne om å kjøpe noko. Tekst som til dømes «kjøp nå», «løp og kjøp» eller «bestill her» blir rekna som direkte kjøpsoppfordringar.
Problematisk reklame
I nokre tilfelle kan også andre former for reklame vere forbodne når dei er retta mot barn og unge.
Det kan for eksempel vere:
- Reklame gjennom verving av venner.
- Konkurransar som krev deling i sosiale medium.
- Reklame som speler på sosial usikkerheit, dårleg samvit eller dårleg sjølvtillit. Det kan til dømes gjelde reklame som speler på kropp, og som kan bidra til kroppspress.
- Reklame som bruker skremmande verkemiddel for å spreie frykt.
- Reklame som bruker aggressive verkemiddel som vald, seksualitet og rusmiddel.
