Skip to content
  • BYT TIL BOKMÅL
Ungdomskole Nynorsk
  • BYT TIL BOKMÅL
Ungdomskole Nynorsk
Tilbake til oversikta
  • Merkevarebygging og sponsing
  • Sponsing
  • Oppgåve 1: Sport og sponsorar
  • Oppgåve2: På banen
Tilbake til oversikta
Innhold
  • Merkevarebygging og sponsing
  • Sponsing
  • Oppgåve 1: Sport og sponsorar
  • Oppgåve2: På banen

Merkevarer og sponsing

Har du nokon gong lurt på korfor nokre varemerke er kjente over heile verda, mens andre er nesten heilt ukjente? Korleis har det blitt sånn?

Alle næringsdrivande vil at folk skal ha eit godt inntrykk av dei. Derfor bruker mange firma mykje pengar på merkevarebygging. Ingenting er tilfeldig. Det ligg mykje psykologi bak kvart einaste reklameinnlegg!

Merkevarebygging er meir enn berre reklame

Merkevarebygging betyr at næringsdrivande prøver å få forbrukarane til å knyte noko positivt til merkevara deira. Det kan vere ei kjensle, ei meining eller ein verdi. Målet er å gi produktet ein eigen identitet. Viss alt går etter planen, vil folk føle at dei får noko meir ved å velje akkurat dette produktet.

For å få til dette, må dei som sel produktet vite kva målgruppe dei vil selje til. Dei må òg vere veldig tydelege på kva dei vil at målgruppa skal knyte merkevara til. Og for å vite om merkevarebygginga har fungert, må dei kartlegge korleis målgruppa faktisk oppfattar merkevara. Når dei har dette på plass, kan dei drive med målretta merkevarebygging over lang tid.

Sponsing

Mange firma sponsar idrettsutøvarar eller andre kjente personar. Kjente namn og ansikt kan auke sjansen for at vi legg merke til reklamen.  Kjente personar kan òg gjere at vi tenker på produkta på ein spesiell måte. Viss ein av dei beste fotballspelarane i verda blir sponsa av eit skomerke, vil nok mange tenke at skoa òg er dei beste i verda. 

Andre firma vel å sponse lokale idrettslag og arrangement.   For eit lite idrettslag er det fint å få pengar til ein ny pumptrack eller ei stor fotballturnering. For firmaet som gir pengane kan det vere god reklame. Mange vil nok tenke at firmaet har  gjort noko bra for nærmiljøet. Folk får òg sjå logo og merkenamn mange gongar, og knyter firmaet til eit miljø dei kjenner seg heime i.

Oppgave 1: Sport og sponsorar

Refleksjonsoppgave: Korfor sponsar dei nett denne utøvaren?

Tenk på ein kjent idrettsutøvar. Kven er dei viktigaste sponsorane hans/hennar? Korfor trur du dei har valt å sponse akkurat denne utøvaren? Kva eigenskapar ved denne utøvaren trur du dei vil knyte seg til?

Oppgave 2: På banen

Refleksjonsoppgave: Hvem sponser anlegget?

Ta ein tur til ein idrettshall, ein fotballbane eller eit anna idrettsanlegg i nærområdet. Ser du nokre reklameplakatar? Kva firma har sponsa anlegget? Korfor trur du dei har brukt pengar på akkurat dette idrettsanlegget?

Tips: Om de tek bilde av reklameplakatane, blir det lettare å hugse alle sponsorane.

Copyright © 2026 - WordPress Theme by Frontkom AS
  • Vel trinn
  • Lærarrettleiing
  • Kjelder og litteratur
  • Tilbakemelding
  • Om Forbrukartilsynet
  • Personvern