Skip to content
  • Reklamen og oss
    • Kva er reklame?
      • Kjenner du igjen reklamen?
    • Kven, kva, kor?
    • Reklame overalt!
    • Reklame i skolen
    • Korleis verkar reklame?
      • Språk og fargar
      • Bilde som lyg
      • Kva er retusjert reklame?
      • Løp og kjøp!
      • Konkurransar
    • Merkevarebygging
      • Sponsing
      • Slagord
    • Gjer det sjølv
  • Metodar, medium og miljø
    • Influensarar
    • Den usynlege reklamen
      • Skjult reklame i sosiale medium
      • Er det lov å skjule reklamen?
    • Personleg reklame
    • Barn og unge
      • Beskytta av lova
    • Reklame i spel
    • Klima og miljø
  • Andre tema
    • Netthandel
    • Avtalar og vilkår
    • Økonomi
    • Reklame rett heim
    • Personvern
  • Bytt til Bokmål
Ungdomskole Nynorsk
  • Reklamen og oss
    • Kva er reklame?
      • Kjenner du igjen reklamen?
    • Kven, kva, kor?
    • Reklame overalt!
    • Reklame i skolen
    • Korleis verkar reklame?
      • Språk og fargar
      • Bilde som lyg
      • Kva er retusjert reklame?
      • Løp og kjøp!
      • Konkurransar
    • Merkevarebygging
      • Sponsing
      • Slagord
    • Gjer det sjølv
  • Metodar, medium og miljø
    • Influensarar
    • Den usynlege reklamen
      • Skjult reklame i sosiale medium
      • Er det lov å skjule reklamen?
    • Personleg reklame
    • Barn og unge
      • Beskytta av lova
    • Reklame i spel
    • Klima og miljø
  • Andre tema
    • Netthandel
    • Avtalar og vilkår
    • Økonomi
    • Reklame rett heim
    • Personvern
  • Bytt til Bokmål
Ungdomskole Nynorsk

Kva er ein influensar?

Foto av en ung kvinne som står midt i et tropisk landskap. Hun tar bilde av palmene med en mobiltelefon.
Foto: Kiril Krsteski/Unsplash

Ein influensar er ein person som bruker sosiale medium for å påverke andre. Nokon er til dømes tiktokarar eller youtubarar. Andre er gamarar som strøymer på Twitch eller andre plattformer.

Vanlegvis kostar det ingenting å sjå det influensarane legg ut på Instagram, Snapchat eller TikTok. Likevel får dei betalt for det dei postar. Nokon får pengar, andre får rabattar, gratis produkt eller reiser. Mange influensarar tener nok til at dei kan leva av det. Dei aller mest kjende kan bli ganske rike. Korleis er det mogleg? Kvar kjem pengane frå? Kven er det eigentleg som betaler? 

Svaret er at mange influensarar lever av reklame. Store bedrifter betaler kjende influensarar for å reklamera for dei. Målet er å påverke kva andre tenkjer og føler. Annonsørane håpar at tilrådingar frå ein influensar betyr meir for folk enn reklamefilmar og annonseplakatar. Og det kan dei faktisk ha rett i! Ifølgje ei undersøking frå analysebyrået Kantar har omtrent éin av tre norske ungdommar mellom 15 og 29 år vorte påverka til å kjøpa noko på grunn av anbefaling frå ein influensar (Ebrahimi, Kumano-Ensby & Erikstad, 2020).   

Ekstra: Vil du vite meir om influensarar og reklame?

Då kan du lese meir i denne artikkelen hos NRK om alt det “influenser­bransjen ikkje viser deg”.

Les meir hos NRK

Definisjon

  • Influenser Influensar (også kalla «påverkar» eller «influencer»): ein person som påverkar andre. Influensarar har gjerne sine eigne profesjonelle og kommersielle kanalar i sosiale medium, der dei deler innlegg om til dømes livsstil, mote, trening, gaming eller humor. 

Kryssord: Influensarar

Tilbake til “Del 1”
Vidare til “Usynleg reklame”

Copyright © 2025 - WordPress Theme by Frontkom AS
  • Vel trinn
  • Lærarrettleiing
  • Videoar
  • Oppgåver
  • Kjelder og litteratur
  • Tilbakemelding
  • Om Forbrukartilsynet
  • Personvern