Produktplassering

Mon tru kor mykje Sony har betalt for akkurat dette klippet …
Har du nokon gong lurt på kvifor James Bond køyrer ein Aston Martin, eller kvifor ein skiutøvar drikk av ein Imsdal-flaske etter målgang? Det er naturlegvis nokon som har betalt for at akkurat desse produkta blir viste fram.
Produktplassering er ei form for skjult reklame der produkt blir plasserte som ein integrert del av eit innhald.
Produktplassering skjer ofte ved at ein skodespelar brukar ein ny modell av eit kjent bilmerke, eller det blir teke nærbilde av eit bestemt produkt eller ei merkevare. Det kan og vere produktplassering at handlinga i ein film eller eit spel blir lagt til ein bestemd stad.
Sjølv om ikkje alle produkt som blir brukte eller visast i ein film er betalt for, er det mykje som heller ikkje er tilfeldig.
I filmen Norske Byggeklosser frå 2018 dukka det opp 21 namn på ulike merkevarer som hadde sponsa filmen i rulleteksten. Alle desse produkta var vist fram i filmen. Scener frå filmen blei aktivt brukt i marknadsføringa av dei ulike merkevarene både før og etter at filmen kom på lerretet.
Krav til merking
Det er krav til at tv-program som inneheld produktplassering blir merkt med “P”.
Definisjon
Produktplassering er reklame der produkt, varemerke eller logo blir plassert som ein integrert del av eit anna innhald.
Trykk deg tilbake til “Reklame overalt” for å lære meir om kor du finn reklame.
