Skip to content
  • BYT TIL BOKMÅL
Ungdomskole Nynorsk
  • BYT TIL BOKMÅL
Ungdomskole Nynorsk

Kva er reklame?

Reklame er betalt kommunikasjon om ei vare eller teneste. Det betyr at nokon tener pengar på å fortelje om akkurat dette produktet.

Reklame handlar om å vise fram eller fortelje om eit produkt på ein måte som gjer at flest mogleg får vite om det. Målet er å skape interesse og merksemd rundt produktet. Slik kan reklamen bidra til at flest mogleg kjøper akkurat dette produktet.

Reklamen fortel gjerne om produktet og kor bra det er. Men dei som lagar reklame kan bruke mange forskjellige verkemiddel for å påverke folk sine tankar, haldningar og handlingar. Både ord, bilde, lyd, lys, musikk og tekst kan vere med på å påverke kva vi tenkjer og føler, kva vi gjer, og kva vi kjøper.

Kva er riktig?

Definisjon

Reklame er betalt kommunikasjon om ei vare eller teneste. 

Tilbake til “Reklamen og oss”
Vidare til “Kjenner du igjen reklamen?”
Copyright © 2026 - WordPress Theme by Frontkom AS
  • Vel trinn
  • Lærarrettleiing
  • Kjelder og litteratur
  • Tilbakemelding
  • Om Forbrukartilsynet
  • Personvern