Skip to content
No results
  • Bokmål
VGS – Nynorsk
VGS - Nynorsk
  • Bokmål
VGS – Nynorsk
VGS - Nynorsk

Løp og kjøp!

Illustrasjonen er todelt. Det ene bildet viser to personer på et kjøpesenter, mens bildet nummer to viser en reklameplakat hvor det står "Special deal Limited time offer".

Du har kanskje sett slike plakatar før? Men, har du tenkt over kvifor dei næringsdrivande marknadsfører sal i ein kort periode, kvifor ein påverkar gir ut ein «eksklusiv rabatt» til berre følgerane sine, eller kvifor ein næringsdrivande vel å gi bort eit produkt gratis dersom du nyttar deg av dagens tilbod om å «ta 3 betal for 2»?  

Først og fremst er det fordi slik reklame er verknadsfull og gir inntrykk av at du sparer pengar dersom du handlar fort. I tillegg gir slik reklame ofte inntrykk av å berre gjelde for eit fåtal personar, noko som gjer at det er lett å oppfatte tilbodet som unikt.  

Det blir brukt mange forskjellige verkemiddel i reklame for å få deg til å handle raskt. Eksempel på slike verkemiddel er «kor mange som ser på eit produkt», «klokke som tel ned», eller at tilbodet berre gjeld «så langt varelageret rekk». Slike verkemiddel i reklame skaper inntrykk av at produktet er ettertrakta, og at det gjeld å vere rask om du òg ønsker å nytte deg av det. Men her er det viktig å vere ein medviten forbrukar fordi det ofte er vilkår for å nytte seg av tilbodet. Vilkåra blir gjerne presentert i ei stjerne, og det er derfor viktig at du set deg nøye inn i tilbodet slik at du ikkje blir lurt!

Klikk og lær!

Klikk på “plussteikna” nedanfor for å lære om verkemidla som er brukte i denne marknadsføringa på Hotels.com

Kva verkemiddel blir brukte i desse storiene?

Tilbake til “Kjendisar, påvirkere og retusjert reklame”
Vidare til “Konkurransar”

Reklameskolen

Personvernerklæring og informasjonskapsler

Tilgjengelighetserklæring

  • Vel trinn
  • Til læreren
  • Personvern