Skip to content
No results
  • Bokmål
VGS – Nynorsk
VGS - Nynorsk
  • Bokmål
VGS – Nynorsk
VGS - Nynorsk
Tilbake til oversikta
  • Skjult reklame
  • Er det lov?
  • Merking
  • Sjekkliste
  • Oppgåve 1: Finn merkinga
  • Oppgåve 2: Diskuter effekten
  • Kompetansemål
Tilbake til oversikten
Innhold
  • Skjult reklame
  • Er det lov?
  • Merking
  • Sjekkliste
  • Oppgåve 1: Finn merkinga
  • Oppgåve 2: Diskuter effekten
  • Kompetansemål

Skjult reklame

Reklame verkar best når vi ikkje veit at det er reklame. Derfor er skjult reklame ulovleg.

Dei fleste veit at reklame er laga for å påverke oss. Derfor blir vi gjerne skeptiske når vi ser reklame. Vi stoler meir på personlege anbefalingar vi får frå vennar eller kjende. Men kva viss «vennen» eigentleg blir betalt for å anbefale deg eit bestemt produkt? Eller reklamen er laga slik at han skal sjå ut som ei personleg anbefaling? Dette kallar vi skjult reklame.

Skjult reklame er rett og slett reklame som ikkje ser ut som reklame. Reklamen kan for eksempel vere skjult i ein podkast, eit skin i eit PC-spel, eit innlegg på TikTok, eller ein film på YouTube. Ofte er det uklart kven som eigentleg står bak reklamen.

Når du ikkje veit at det er reklame du ser, er du kanskje mindre skeptisk til bodskapen. Jo meir skjult reklamen er, jo meir effektiv kan han vere.

Er det lov å skjule reklamen?

Marknadsføringslova seier at reklame skal lagast og presenterast sånn at det er tydeleg at det er reklame. Viss det ikkje er lett å sjå med ein gong at noko er reklame, må reklamen merkast. Skjult reklame er nemleg ikkje lov.

I sosiale medium er reklamen ofte blanda med anna innhald. Det gjer det vanskeleg å vite kva som er reklame, og kva som faktisk er personlege anbefalingar. Derfor må reklame i sosiale medium merkast tydeleg. Influensarar som får betalt for å legge ut innlegg eller stories i sosiale medium må merke innlegga som reklame eller annonse. Dette skal gjerast på ein slik måte at du ser med ein gong at eit innlegg eller ein story er reklame. Influensarar kan for eksempel vere gamarar, youtubarar, tiktokarar og kjendisar.

Sjølv om mange norske influensarar er flinke til å merke innlegga som reklame, er det ikkje alle som gjer det. Nokon veit kanskje ikkje at dei må merke reklamen. Andre lèt vere å merke med vilje, for at reklamen skal fungere betre. Og nokon merkar reklamen, men lagar merkinga slik at han skal vere vanskeleg å få auge på. Dei legg altså ut skjult reklame. 

Kva skal merkast?

Ikkje alle influensarar får betalt i pengar. Nokre får gratis produkt, reiser, rabattar eller andre fordeler for å vise fram eit produkt. Slike innlegg er òg reklame.

Mange influensarar har eigne kleskolleksjonar eller samarbeider med andre om for eksempel sminke, hudpleie eller andre produkt. Det tener dei pengar på. Når dei viser fram sine eigne produkt, eller for eksempel har på seg ein genser frå sitt eige klesmerke, kallast det eigenreklame. Slike innlegg må òg merkast.

Sjekkliste: Reglar for reklame

Klikk på punkta for å lese meir.

Det skal vere tydeleg kva som er reklame.
  • Reklameinnlegg i sosiale medium må merkast.
  • Merkinga skal vere så tydeleg at du ser han med ein gong.
    Forbrukartilsynet har laga ei eiga rettleiing som viser korleis du kan merke i forskjellige sosiale medium.
Annonsøren må kunne dokumentere alle påstandar.
  • Viss eit firma påstår at produktet deira er best eller billigast, må dei kunne vise fram undersøkingar eller testar som viser nettopp det.
  • Det er ikkje lov å påstå at noko er miljøvennleg utan at ein kan bevise det.
  • Viss reklamen påstår at eit produkt er miljøvennleg, bør han òg forklare kvifor og på kva måte produktet er bra for miljøet.
Barn skal vernast mot skadeleg reklame.
  • Direkte kjøpsoppfordringar til barn er ikkje lov. Man kan for eksempel ikkje skrive «løp og kjøp» eller «kjøp no» i reklame til barn. Det er heller ikkje lov å be dei mase på vaksne for å få dei til å kjøpe noko.
  • Barn bør ikkje sjå reklame som speler på kropp og kan bidra til kroppspress. Det gjeld til dømes reklame for kosmetiske behandlingar og operasjonar.
  • Det er ikkje lov å spele på frykt eller bruke skremmande verkemiddel i reklame til barn.
  • Reklame til barn bør ikkje innehalde vald, sex og rusmiddel.
Det er ikkje lov å jukse med konkurransar.
  • Det er ikkje lov å lokke med premiar som aldri blir delt ut. Viss eit firma held ein konkurranse der dei lovar å gi bort premiar, må dei faktisk dele ut premiane.
  • Det er ikkje lov å påstå at ein premie er gratis viss du må betale noko for å få den.
  • Det er ikkje lov å krevje at du skal tagge vennar for å få vere med i konkurransen.
Det er strenge reglar for pengespel.
  • Pyramidespel er forbode!
  • Det er ikkje lov å reklamere for utanlandske pengespel i Noreg.
Retusjert reklame må merkast.
  • All reklame der storleiken, fasongen eller huda til ein kropp er retusjert, skal merkast med eit spesielt merke.
    Du kan lese meir om dette på Reklameskolen for ungdomsskolen.
Prisen må vere riktig.
  • Når ei vare er på sal, må seljaren oppgi kva den kosta før. Til dømes «50% avslag. Før: 300. Nå: 150».
  • Før-prisen skal vere den lågaste prisen butikken har hatt på vara dei siste 30 dagane.
    Du kan lese meir om dette på Reklameskolen for ungdomsskolen.

Oppgåve 1: Finn merkinga

Plassar forstørringsglaset over merkinga. Trykk deretter «Sjekk» for å sjå om du har funne den.


Oppgåve 2: Diskuter effekten av merkinga

  • Kva er fordelane og ulempene for influensarar som må merke innlegga sine som reklame? 
    Tenk på om det har noko å seie for truverdet, og kor mykje dei sel eller tener. Trur du dei når ut til fleire eller færre?
  • Kva er fordelane og ulempene for deg ved at innlegga er merkte som reklame? 
    Gjer reklamemerkinga at du blir meir eller mindre påverka av det innhaldet du ser? På kva måte?

Kompetansemål

Norsk
  • gjøre rede for og reflektere over bruken av retoriske appellformer og språklige virkemidler i sakprosatekster (sf vg1)
Salg, service og reiseliv
  • gjøre greie for regler og lovverk som er relevante for servicenæringen, og forklare hvordan de regulerer drift av virksomheter (forretningsdrift vg1)
  • kjenne til og nytte gjeldande regelverk for marknadsføring og sal (markedsføring og innovasjon vg1)
  • beskrive og følgje gjeldande regelverk for sals- og reiselivsbedrifter som regulerer forholdet til kundar, tilsette og næringsliv (forretningsdrift vg2 salg og reiseliv)
Samfunnskunnskap
  • drøfte korleis personleg økonomi, kommersiell påverknad og forbruk påverkar enkeltpersonar, grupper og samfunn
Medie- og informasjonskunnskap 1
  • reflektere over mediebruk og vurdere korleise sosial medium, og andre medium, kan påverke haldningar, identitet og sjølforståing

Reklameskolen

Personvernerklæring og informasjonskapsler

Tilgjengelighetserklæring

  • Vel trinn
  • Til læreren
  • Personvern