Skip to content
No results
  • Bokmål
VGS – Nynorsk
VGS - Nynorsk
  • Bokmål
VGS – Nynorsk
VGS - Nynorsk
Tilbake til oversikta
  • Mot alle odds
  • Ulovleg reklame
  • Laga for tap
  • Hjelp å få
  • Oppgåve: U(rett)ferdig forbod?
  • Kompetansemål
Tilbake til oversikten
Innhold
  • Mot alle odds
  • Ulovleg reklame
  • Laga for tap
  • Hjelp å få
  • Oppgåve: U(rett)ferdig forbod?
  • Kompetansemål

Mot alle odds

På sosiale medium dukkar det stadig opp reklame for pengespel. Mykje av reklamen er det utanlandske selskap som står bak. Men visste du at det er ulovleg å reklamere for utanlandske pengespel i Noreg?

Du har sikkert sett reklame frå pengespelselskap som Betsson, ComeOn eller Unibet. Ofte er reklamen på norsk. Mange store pengespelselskap sponsar norske idrettsutøvarar, influensarar og andre kjendisar. Men i røynda er det utanlandske selskap som står bak mykje av reklamen.

Ulovleg reklame for pengespill

I Noreg er det berre Norsk Tipping som får lov til å tilby oddsspel og kasinospel. Rikstoto kan tilby hestespel, og nokon andre norske organisasjonar kan drive lotteri og bingo. Utanlandske selskap får ikkje tilby pengespel i Noreg. Det er altså ulovleg å reklamere for utanlandske pengespel.

Ifølge ei undersøking frå Lotteritilsynet, er det mellom 16 000 og 30 000 nordmenn som har speleproblem. Mellom 79 000 og 107 000  står i fare for å få det. Det er dei reklameforbodet skal beskytte.

Dei norske selskapa må òg følge strenge reglar. Norsk Tipping har for eksempel absolutte grenser for kor mykje det går an å tape. Dei får heller ikkje lov til å reklamere for dei farlegaste spela, som kasinospel.


Laga for at du skal tape

Mange utanlandske selskap reklamerer for nettopp nettkasinoer. Desse spela er laga for å gjere deg avhengig av spelet, og for å få deg til å bruke mykje pengar. Ofte går alt veldig fort. På berre nokre sekund har du satsa eit beløp, gjennomført spelet og sett resultatet. Og er klar til å spele igjen. Som regel er det ingen grenser for kor lenge du kan spele, eller kor mykje pengar du kan bruke. Nokre spel lèt deg òg spele på kreditt. Alt dette gjer det lett å tape masse pengar på kort tid. Og jo lenger du speler, desto vanskelegare blir det å stoppe.

Skulle du vinne, er det heller ikkje sikkert du får sjå noko til pengane. Norske bankar har nemleg ikkje lov til å overføre pengar frå pengespelselskap som ikkje har løyve i Noreg.

Pengespelreklamen lokkar ofte med store gevinstar. Men i lengda er det berre spelselskapa som tener pengar på at du speler. Er du glad i pengar, bør du altså styre unna ulovlege pengespel, og aldri spele for meir enn du kan tenke deg å tape.

Hugs: Huset vinn alltid –  på nett òg!

Det er hjelp å få!

Speler du meir enn du eigentleg vil? Eller kjenner du nokon som har problem med pengespel? Ta kontakt med hjelpelinja!


Oppgåve: U(rett)ferdig forbod?

Vel ei av oppgåvene under, og skriv eit lesarinnlegg (ca. ein A4-side).

  • Det er forbode å reklamere for pengespel som ikkje er godkjent i Noreg. Likevel får vi mengder av reklame for slike spel, både frå lovlege og ulovlege aktørar. Skriv eit innlegg kor du argumenterer for at forbodet bør fjernast, og at både norske og utanlandske aktørar bør få lov til å reklamere for spela sine.
  • Forbodet mot reklame for pengespel er der for å beskytte dei som har speleproblem. Likevel har blant andre Norsk Tipping lov til å reklamere for pengespel. Skriv eit innlegg kor du argumenterer for eit totalforbod mot pengespel i Noreg.

Kompetansemål

Samfunnskunnskap
  • drøfte korleis personleg økonomi, kommersiell påverknad og forbruk påverkar enkeltpersonar, grupper og samfunn
Salg, service og reiseliv
  • kjenne til og nytte gjeldande regelverk for marknadsføring og sal (markedsføring og innovasjon vg1)
Medie- og informasjonskunnskap 1
  • reflektere over mediebruk og vurdere korleise sosial medium, og andre medium, kan påverke haldningar, identitet og sjølforståing. 

Reklameskolen

Personvernerklæring og informasjonskapsler

Tilgjengelighetserklæring

  • Vel trinn
  • Til læreren
  • Personvern