Skip to content
No results
  • Bokmål
VGS – Nynorsk
VGS - Nynorsk
  • Bokmål
VGS – Nynorsk
VGS - Nynorsk
Tilbake til oversikta
  • Kryptovaluta
  • Ikkje stol på finfluensarane
  • Høg risiko
  • Kryptisk svindel
  • Dårleg forbrukarvern
  • Nesten som gambling
  • Oppgåve 1: Video
  • Oppgåve 2: Lesarinnlegg
  • Kompetansemål
Tilbake til oversikten
Innhold
  • Kryptovaluta
  • Ikkje stol på finfluensarane
  • Høg risiko
  • Kryptisk svindel
  • Dårleg forbrukarvern
  • Nesten som gambling
  • Oppgåve 1: Video
  • Oppgåve 2: Lesarinnlegg
  • Kompetansemål

Kryptovaluta

Har du sett innlegg i sosiale medium som fortel deg kor mykje du kan tene på å investere i kryptovaluta? Det dei ikkje nemner, er at det er fort gjort å tape alt du har investert.

Illustrasjon av bitcoin-mynter på blå bakgrunn

Kryptovaluta er ein digital eller virtuell valuta basert på kryptografi – kodeteknologi. Den mest kjende kryptovalutaen er Bitcoin, men det finst tusenvis av andre variantar.

I motsetning til «vanlege pengar» fungerer kryptovaluta uavhengig av bankar og styresmakter. I staden blir verdien lagra gjennom ein teknologi vi kallar «blokkjede» (blockchain). Ei blokkjede er ein slags digital rekneskapsbok, der alle transaksjonar blir registrerte i eit nettverk av datamaskinar.

Ikkje stol på finfluensarane!

På sosiale medium finst det mange som deler råd og tips om korleis du skal tene pengar på kryptovaluta. Dei blir ofte kalla «finfluensarar» – finansinfluensarar.

Mange finfluensarar får betalt for å reklamere for bestemde kryptovalutaar, utan å oppgi dette. Dei legg altså ut skjult reklame. Dette betyr at dei ofte anbefaler investeringar utan å ta omsyn til kva som faktisk er smart, lønnsamt eller trygt. Ofte fokuserer dei berre på dei positive sidene, utan å snakke om risikoen.

Mange finfluensarar har òg lita eller inga økonomisk utdanning eller erfaring. Dei har ikkje nødvendigvis veldig god greie på det dei snakkar om. Ofte er ikkje råda deira noko anna ei kvalifisert gjetting. Dei har kanskje vore heldige og tent pengar på kryptovaluta før, men det er ingen garanti for at du vil vere like heldig viss du høyrer på dei.

Høg risiko

Noko av poenget med kryptovaluta, er at han er heilt uavhengig av bankane, og at han ikkje blir regulert av styresmaktene. Men det gjer òg at risikoen ved å investere i kryptovaluta er høg.

Verdien av ein kryptovaluta blir berre styrt av tilbod og etterspørsel. Han er verd det folk er villige til å betale for han. Ein kryptovaluta kan vere verd tusenvis av kroner éin dag, for så å vere verd ein brøkdel dagen etter. Ofte er det vanskeleg å forstå kvifor. Dermed blir det òg nesten umogleg å føresjå korleis prisen vil utvikle seg framover. Sjølv om det er mogleg å sjå tendensar, er det ingen garanti for forteneste.

Kryptisk svindel

Sidan kryptovalutamarknaden i stor grad er uregulert, er han òg sårbar for svindel. Det finst mange plattformer der ein kan kjøpe og selje kryptovaluta, men ikkje alle er trygge. Nokre plattformer har vist seg å vere rein svindel.

Ein vanleg svindelmåte er falske tilbod på nett som lokkar deg til å investere eit lite beløp. Deretter tek svindlarane kontakt med eit «svært godt tilbod». Dei fortel overtydande om fantastiske avkastningsmoglegheiter, lurer deg til å opprette brukar på ei kryptoplattform og overføre pengar dit.

Når du forsøker å ta ut pengane, viser det seg at pengane ikkje kan overførast. Svindlarane kan då krevje fleire investeringar for å «frigjere» pengane. Dermed kan du ende opp med å tape store summar.

Dårleg forbrukarvern

Viss du investerer pengane dine i aksjefond eller set dei i banken, finst det lovar og reglar som skal verne deg mot svindel og feil. Investerer du i kryptovaluta, er det annleis. Det er ingen lovfesta reglar som vernar deg viss du til dømes mistar tilgangen til den digitale lommeboka di, kontoen din blir sletta, eller investeringsplattforma går konkurs eller blir hacka. Du har ingen garanti, og dårelege sjansar for å få pengane tilbake. Du risikerer rett og slett å miste alt du har investert

Nesten som gambling

Alt dette gjer det veldig risikabelt å investere i kryptovaluta. Sjølv om det er mogleg å tene raske pengar, er det òg stor risiko for å tape alt. Dei store prissvingingane og den uføreseielege marknaden gjer at det kan samanliknast med gambling eller pengespel. Og akkurat som i gambling bør du aldri satse meir pengar enn du har råd til å tape.

Oppgåve 1: Video

I sosiale medium er det mange finfluensarar som snakkar varmt om kryptovaluta. Men ikkje all informasjonen der ute er korrekt. Lag eit kort informasjonsvideo om kryptovaluta der du nemner dei viktigaste fordelane og ulempene med å investere pengar på denne måten.

  1. Skriv eit manus kor du forklarer kva kryptovaluta er. Hugs å få med dei viktigaste fellene ein må passe seg for!
  2. Øv på å lese teksten høgt for deg sjølv. Då får du òg sjekka at han er passe lang. Det bør ta ca. eitt til to minutt å lese teksten når du les roleg.
  3. Gå saman to og to.
  4. Film kvarandre mens de les opp teksten. Hugs å lese roleg og tydeleg, og sjå i kameraet så mykje som mogleg.

Oppgåve 2: Lesarinnlegg

Skriv eit kort lesarinnlegg til Si;D (ca. éin A4-side) kor du åtvarar andre unge mot risikoen ved å investere i kryptovaluta. Hugs å få med dei viktigaste farane ved denne typen investeringar.

TIPS! Har du investert i kryptovaluta sjølv? Eller kjenner du nokon som har gjort det? Ta gjerne utgangspunkt i eigne erfaringar, i tillegg til teksten over.

Kompetansemål

Samfunnskunnskap
  • drøfte korleis personleg økonomi, kommersiell påverknad og forbruk påverkar enkeltpersonar, grupper og samfunn
Medier og kommunikasjon
  • I mediesamfunnet handler det tverrfaglige temaet folkehelse og livsmestring om å vise etisk bevissthet rundt egen og andres mediebruk, og om å kommunisere ansvarlig i sosiale medier

Reklameskolen

Personvernerklæring og informasjonskapsler

Tilgjengelighetserklæring

  • Vel trinn
  • Til læreren
  • Personvern