Kan du stole på nettbutikken?
Stadig fleire opplever at dei ikkje får varene dei har bestilt når dei handlar på nett. Andre får noko anna enn dei har bestilt, og føler seg lurt. Her får du nokre tips til kva du bør tenke på før du handlar.

I ei tid der mange varer og tenester har blitt dyrare, kan gode tilbod frå ukjende nettbutikkar vere freistande. Du bør likevel tenke deg godt om før du handlar frå ein ukjend nettstad.
Du kan nemleg risikere å tape pengane dine eller sitte igjen med eit falskt og dårleg produkt. Handlar du frå ein utanlandsk nettbutikk, kan det i tillegg bli dyrt om du må betale toll og moms. Før du handlar, bør du derfor ta ein rask sjekk for å finne ut om nettbutikken er til å stole på.
Sjekk dette før du handlar
- Studer nettadressa. Produktnamn i nettadressa, for eksempel www.raybansalg.net eller www.hokaskonorge.no kan vere teikn på svindel. Vêr kritisk sjølv til nettbutikkar med «.no»-domene. Sjølv om nettbutikken har eit norsk domenenamn, kan han likevel tilhøyre eit land utanfor EU/EØS.
- Nettbutikkar skal oppgi namn, adresse, e-post og telefonnummer. Finn du ikkje kontaktinformasjon til selskapet utanom eit kontaktskjema, kan det vere grunn til å vere skeptisk.
- Sjekk språket. Dårleg språk, skrivefeil og automatisk omsette tekstar er ofte eit teikn på at nettbutikken er useriøs.
- Undersøk kva erfaring andre har med nettbutikken. Men vêr kritisk her òg, ikkje alle brukaromtalar er ekte.
- Vêr skeptisk til mistenkeleg låge prisar. Ser du nettbutikkar som sel populære varer du veit vanlegvis kostar mykje meir, er det grunn til å vere forsiktig. Prisar med uvanlege desimalar, for eksempel 157,27 kroner, kan òg vere teikn på svindel.
- Finn ut kva nettbutikken skriv om frakt, leveringstid og retur. Det er greitt å vite når du kan forvente å få varene, kva du må betale i frakt og kostnadene for eventuell retur. Handlar du frå ein utanlandsk nettbutikk, bør du sjekke om du må betale moms eller toll.
Vêr obs på dropshipping
Stadig fleire nettbutikkar baserer seg på såkalla «dropshipping». Dropshipping er ein forretningsmodell som blir brukt av selskap som sel varer på nett. Forretningsmodellen gir forbrukarar inntrykk av at dei kjøpar varer i Noreg eller EU/EØS, men i verkelegheita blir varene sende direkte frå ein tredjepart (ofte frå Asia).
Dropshipping er ikkje ulovleg, men det kan skape problem for deg som handlar. For det første kan det ta lang tid før du får varene du har bestilt. For det andre kan du få problem viss du vil sende varene i retur. Det kan bli dyrt og vere vanskeleg å finne ut korleis og kor du skal returnere varene. Dette gjeld både dersom vara ikkje var slik du trudde at han skulle vere, og dersom det seinare skulle oppstå behov for reparasjon.
Hugs at brukaromtalar kan vere falske
Mange prøver å finne ut om andre har hatt god erfaring med nettbutikken, før dei sjølv handlar. Det er i utgangspunktet ein god idé, men du må vere klar over at mange useriøse nettbutikkar kan ha falske brukarmeldingar.
NRK har analysert 250.000 brukaromtalar for å finne ut om dei er til å stole på. Les saka her: Korleis sjekke om brukaromtalar er ekte
Kva skjer viss nettbutikken ikkje følger lova?
Forbrukartilsynet hjelper butikkar med å følge lova, slik at det skal vere tryggare for deg som forbruker å handle. Viss nokon bryt lova og ikkje vil endre seg, har Forbrukartilsynet moglegheit til å gi bot.
Saman med andre EU-land har Forbrukartilsynet nyleg sendt brev til Temu om å endre praksisen sin, slik at dei ikkje bryt reglane som skal beskytte forbrukarar.

Klima og miljø
Tenk over korleis netthandel frå utlandet kan påverke klima og miljø.
Det er òg viktig å vere klar over at varer du kjøper utanfor EU og EØS kan innehalde ulovlege og kreftframkallande miljøgifter. Har du tenkt over miljøkostnaden ved å handle frå billige nettbutikkar i Kina? For deg kostar varene lite, men miljøet betaler ein høg pris. Flyfrakt fører for eksempel til store klimautslepp, og billige varer endar ofte opp som plastsøppel.
Les denne kommentaren på NRK.no «Er genseren verkeleg verdt 134 kroner»?
Oppgåve 1: Finn og analyser ein nettbutikk
Finn eit eksempel på ein nettbutikk du meiner er seriøs og ein nettbutikk du meiner er useriøs. Bruk sjekklista over for å vurdere om du kan stole på nettbutikken eller ikkje. Notar ned for deg sjølv, eller snakk saman i grupper.
Oppgave 2: Diskuter netthandel frå utlandet
Les avsnittet «Klima og miljø» og NRK-artikkelen det blir lenka til der. Diskuter korleis netthandel, spesielt frå land utanfor EU, kan påverke menneske og miljø.

Kompetansemål
Norsk
- gjøre rede for og reflektere over bruken av retoriske appellformer og språklige virkemidler i sakprosatekster (sf vg1)
- reflektere over sakprosatekster og gjøre rede for den retoriske situasjonen de er blitt til i (sf vg2)
Samfunnskunnskap
- drøfte korleis personleg økonomi, kommersiell påverknad og forbruk påverkar enkeltpersonar, grupper og samfunn