Skip to content
No results
  • Bokmål
VGS – Nynorsk
VGS - Nynorsk
  • Bokmål
VGS – Nynorsk
VGS - Nynorsk
Tilbake til oversikta
  • Kor miljøvennleg er det?
  • Kva er lov?
  • Miljømerking
  • Oppgåve 1: Kva tyder merka?
  • Oppgåve 2: Stolar du på reklamen?
  • Oppgåve 3: Kva med deg?
  • Kompetansemål
Tilbake til oversikten
Innhold
  • Kor miljøvennleg er det?
  • Kva er lov?
  • Miljømerking
  • Oppgåve 1: Kva tyder merka?
  • Oppgåve 2: Stolar du på reklamen?
  • Oppgåve 3: Kva med deg?
  • Kompetansemål

Kor miljøvennleg er det eigentleg?

Mange reklamerer for miljøvennlege produkt. Men kor miljøvennlege er dei eigentleg?

I dag er mange opptekne av klima og miljø. Det veit naturlegvis dei som lagar reklame. Derfor er det mykje reklame som skryter av kor miljøvennlege ting er. Mange firma kallar produkta dei sel for miljøvennlege, grøne, berekraftige eller klimanøytrale.

Reklamen kan òg gi inntrykk av at eit produkt er miljøvennleg sjølv om det ikkje blir sagt med ord. Fargar, symbol, lyder eller bilde kan gi inntrykk av at produktet er naturleg, miljøvennleg og berekraftig. Mange firma bruker for eksempel grønt eller blått for å vise at noko er miljøvennleg. Andre bruker symbol som lauvblad, vassdropar eller jordklodar for å gi inntrykk av at dei tek vare på naturen. Men sjølv om eit produkt blir marknadsført som miljøvennleg, kan det likevel skade naturen.

Mange firma marknadsfører produkta sine som miljøvennlege, sjølv om berre ein liten del av produktet er bra for miljøet. Andre gongar kan produktet kanskje vere litt betre for miljøet enn andre produkt, men det er likevel ikkje miljøvennleg. Ein genser kan for eksempel vere laga av resirkulert plast. Sjølv om resirkulert plast kanskje er betre for miljøet enn ny plast, er det ikkje miljøvennleg. Plast er laga av olje. Produksjon av plast krev energi, og fører til utslepp av både klimagassar og anna forureining. Og når du bruker og vaskar genseren, blir det heile tida slite av små mikroplastbitar. Til slutt endar heile genseren opp som plastavfall. Ingenting av dette er særleg miljøvennleg.

På mange måtar kan ein seie at ingenting av det vi menneske lagar, sel, kjøper og brukar kan kallast miljøvennleg. Alt vi gjer påverkar miljøet. Det å kjøpe noko er nesten alltid verre for miljøet enn å la vere.

Kva er lov?

Likevel fortset mange firma å reklamere for miljøvennlege produkt. Men er det eigentleg lov?

Hovudregelen er at viss du påstår noko i reklame, må du kunne dokumentere at det faktisk er sant. Du må kunne bevise at påstanden stemmer. Det er enklare jo meir konkret påstanden er. Viss ein genser er laga av 80 % resirkulert plast, bør det vere enkelt å dokumentere dette. Med vagare påstandar blir det mykje vanskelegare. Det er for eksempel ikkje lov å reklamere for miljøvennlege produkt utan at du kan dokumentere at dei faktisk er miljøvennlege. Men korleis gjer ein eigentleg det?

For at eit produkt skal kunne kallast miljøvennleg må det vere miljøvennleg i heile levetida si. Frå det blir laga til det blir kasta. Eller aller helst resirkulert. Det er veldig vanskeleg å bevise.

Firma som reklamerer på denne måten, må òg forklare kva påstandane betyr. Viss reklamen påstår at eit produkt er miljøvennleg, bør han òg forklare kvifor og på kva måte produktet er bra for miljøet. Denne forklaringa bør alltid stå rett ved miljøpåstanden.

Dessverre er det mange firma som slurvar med dette. Nokon gongar står det for eksempel at noko er miljøvennleg utan at det står noko meir om kva det betyr. Dette gjer det vanskeleg å vite om det faktisk stemmer. Derfor kan det fort vere ulovleg.

Forbrukartilsynet meinte Zalando brukte problematiske miljøpåstandar på nettstaden sin. Saka enda med at Zalando måtte fjerne desse påstandane fordi dei var ulovlege. Les om saka her: Zalando fjernar villeiande klima- og miljøpåstandar

Miljømerking

I mykje reklame blir det brukt symbol og merke for å vise at noko er miljøvennleg, berekraftig eller resirkulert. Nokre av desse symbola er merkeordningar. Men ikkje alle er til å stole på. Nokre av dei har firma og bransjar funne opp sjølv, for å gi inntrykk av at dei tek miljøet på alvor. Då er det vanskeleg å vite kor seriøse dei er, og kor strenge miljøkrav dei stiller. Andre merkeordningar er offentleg godkjende, sånn som for eksempel Svanemerket. Dette merket kan berre brukast på produkt som oppfyller strenge miljøkrav som blir kontrollert av ekspertar.

Når du ser miljømerke i reklame, kan du prøve å finne meir informasjon om merkeordninga og kva han betyr. Finn du ikkje det, kan det vere grunn til å vere skeptisk.

Oppgåve 1: Kva tyder merka?


Oppgåve 2: Stolar du på reklamen?

Sjå på annonsen. Kva verkemiddel er brukt for at t-skjorta skal verke miljøvennleg? Kvifor vel butikken å bruke desse verkemidla?

Stolar du på påstandane og merket eller ikkje? Forklar kvifor.


Oppgåve 3: Kva med deg?

Kan du hugse at du har kjøpt noko fordi du tenkte det var miljøvennleg eller berekraftig? Viss ja, kva påverka deg til å kjøpe det?

Vil du tenke annleis neste gong du ser ein reklame som påstår at noko er berekraftig? Kva vil du eventuelt vere skeptisk til?

Kompetansemål

Norsk
  • gjøre rede for og reflektere over bruken av retoriske appellformer og språklige virkemidler i sakprosatekster (sf vg1)
Salg, service og reiseliv
  • gjøre rede for og reflektere over bruken av retoriske appellformer og språklige virkemidler i sakprosatekster (sf vg1)
Samfunnskunnskap
  • drøfte korleis personleg økonomi, kommersiell påverknad og forbruk påverkar enkeltpersonar, grupper og samfunn
Rettslære
  • utforske og drøfte dagsaktuelle juridiske rettsspørsmål som gjeld varetaking av miljøet

Reklameskolen

Personvernerklæring og informasjonskapsler

Tilgjengelighetserklæring

  • Vel trinn
  • Til læreren
  • Personvern