
Personretta og overvakingsbasert marknadsføring
Ifølgje forsking publisert i tidsskriftet «Barn» er norske barn meir aktive og meir sjølvstendige på digitale plattformer ennandre barn i Europa. Dette gjeld særleg på sosiale medium. Denne deltakinga er viktig, men fører samtidig til at dei er meir utsette for at næringsdrivande innhentar og bruker persondata til personrettet marknadsføringa til dei.
Opplysningar om kven du er, samlast blant annet inn når du søkjer på Google, og når du bruker sosiale medium, appar og spel. Før du begynte å bruke desse tenestene måtte du kanskje trykkje «godta alle informasjonskapslar»? Eller «godta alle cookies»? Når du godtek desse erklæringane godtek du samtidig at selskapa innhentar opplysningar om deg. På den måten dannar dei næringsdrivande seg eit tydeleg bilde av kven du er, kva du liker, kva for eit kjønn du har, kor du er frå osv. Dette blir brukt igjen til å marknadsføre produkt og tenester til deg.
Ifølgjerapport frå SIFO vil dei som tilbyr dei ulike tenestene gjerne gi inntrykk av at dei samlar inn data for å lage ei betre teneste. Dette kan opplevast som positivt for brukarane. Innhentinga av data kan vere med på å beskytte barn og unge mot innhald som ikkje eignar seg for dei, men det gir òg verdifull informasjon om deg til store selskap. Ifølgje rapporten kan desse opplysningane blir brukte til å marknadsføre produkt og tenester til brukarane når dei er på sitt mest sårbare. Som vaksen kan du oppleve å møte diskriminerande tilbod og prissystem på bakgrunn av opplysningane som er innhenta om deg.
Videoen er utarbeidd av Medietilsynet og Forbrukarrådet, med finansiering av EU.