Påverkarar og sosiale medium

Ein påverkar er ein person som bruker sosiale medium for å påverke følgerane sine. Før hadde påverkarane eigne bloggar, mens i dag legg dei fleste ut innhald på Instagram, YouTube, TikTok og andre sosiale medium. Det kostar som regel ingenting å følgje påverkarane i sosiale medium, og det er heilt gratis å sjå det dei legg ut. Likevel får påverkarane betalt for det dei postar. Nokon får pengar, andre får rabattar, gratis produkt eller reiser. Profesjonelle påverkarar tener nok til at dei kan leve av det. Dei aller mest kjende kan bli ganske rike. Korleis er det mogleg? Kor kjem pengane frå? Kven er det eigentleg som betaler?
Svaret er at mange profesjonelle påverkarar lever av reklame. Annonsørar av alle slag betaler påverkarar for at dei skal vise fram og skryte av produkta dei sel. Påverkarar er ofte folk som mange veit kven er, beundrar og ser opp til. Folk vi føler at vi kjenner. Folk vi lyttar til og stolar på. Det kan vere gull verdt for annonsørane.
Når store bedrifter betaler kjende påverkarar mange hundre tusen kroner, ønsker dei sjølvsagt å få noko igjen for pengane. Målet er å påverke kva følgarane tenkjer og føler om annonsørane og produkta dei sel. Annonsørane håper at anbefalingar frå ein påverkar betyr meir for folk enn vanlege reklamefilmar og annonseplakatar. Og det kan dei faktisk ha rett i! Ifølgje ei undersøking frå analysebyrået Kantar har omtrent éin av tre norske ungdommar mellom 15 og 29 år blitt påverka til å kjøpe noko på grunn av anbefaling frå ein påverkar (Ebrahimi, Kumano-Ensby & Erikstad, 2020).
Ekstra: Vil du vite meir om påverkarar og reklame?
Då kan du lese meir i denne artikkelen hos NRK som omhandlar alt “Det påvirkerbransjen ikke viser deg”.
Definisjon
Påverkarar (òg kalla «influenser» eller «påverkar») er personar med evne til å påverke/sette trendar og som har sin eigen profesjonelle og kommersielle kanal i sosiale medium, kor dei typisk deler innlegg om livsstil, mote, helse og liknande.
Ambassadøravtalar er ofte ein eksklusiv og langvarig avtale med ein annonsør, og omfattar meir enn å berre eksponere eit bestemt produkt eller ei teneste. Dersom påverkarane publiserer innlegg i sosiale medium som kan knytast til annonsøren må desse som regel blir merkt med «reklame» eller «annonse».