Den usynlege reklamen
Dei fleste er klar over at reklame er laga for å påverke oss. Derfor blir vi gjerne òg meir skeptisk når vi ser reklameinnhald. Vi stolar meir på personlege anbefalingar vi tek imot frå vennar eller kjende. Men kva viss “vennen” eigentleg blir betalt for å anbefale deg eit bestemt produkt? Eller kva viss reklamen er laga slik at den nettopp skal stå fram som ei slik personleg anbefaling? Det er då vi snakkar om at reklamen er skjult.
Skjult reklame er rett og slett reklame som ikkje ser ut som reklame. Reklamen kan for eksempel vere skjult i ein avisartikkel, ein podkast, eit bilde på Instagram, eit innlegg på TikTok, eller ein film på YouTube. Det er òg ofte uklart kven det er som er avsendaren av bodskapen.
Sjølv om mange blir skeptiske når dei ser synleg reklame, kan den skjulte reklamen vere meir verknadsfull og effektiv nettopp fordi du ikkje veit at du blir utsett for reklame. Jo meir skjult reklamen er, jo meir effektiv kan den vere.
Definisjon
Skjult reklame er reklame som er forma på ein slik måte at han ikkje står fram som reklame.
Kva er reklame?
Klikk på riktig svar
Sett ord på det!
Kva for eit ord skal kor?