Er det lov å skjule reklamen?

Eit grunnleggjande prinsipp for alle medium er at det skal vere eit klart skilje mellom redaksjonelt, personleg og kommersielt innhald. Norsk lov slår fast at reklame skal formast på ein slik måte at det tydeleg står fram som reklame. Skjult reklame er altså ikkje lov!
Det betyr at all reklame i både i sosiale medium og andre medium enten tydeleg må stå fram som reklame, eller vere tydeleg merka som reklame.
Eit innlegg i sosiale medium blir rekna som reklame viss det kan vere med på å auke salet av produkta eller tenestene til ein næringsdrivandes, og den som legg det ut har fått fordelar for å gjere nettopp det. Det gjeld for eksempel viss ein har fått pengar, gratis produkt, reiser eller rabattar for å anbefale eller vise fram eit produkt. Slike innlegg skal merkast som reklame.
Krav til merking
Her skal du ta stilling til om innlegga publisert i sosiale medium er godt nok merka.
Ordliste
- Redaksjonelt innhald: Innhald med nyheits- eller utdanningsformål. Dette vil typisk kunne vere avisartiklar, lærebøker, faglitteratur med meir.
- Personleg innhald: Innhald som er baserte på eins eigne oppfatningar og vurderingar.
- Kommersielt innhald: Innhald med salsfremjande formål. Dette vil typisk vere alle former for reklame.
Lova sitt krav
I lov om kontroll med markedsføring og avtalevilkår mv. (markedsføringsloven) § 3 er det krav til at marknadsføring skal formast og bli presentert på ein slik måte at den tydeleg står fram som marknadsføring.
Ekstra: Vil du vite meir?
Viss du vil vite meir om merking av reklame i sosiale medium, finn du meir informasjon på nettsidene til Forbrukartilsynet.