Skip to content
  • Bokmål
VGS – Nynorsk
VGS - Nynorsk
  • Bokmål
VGS – Nynorsk
VGS - Nynorsk

Skjult reklame i sosiale medium

Illustrasjon som viser en telefon som tar bilde av en berlinerbolle.

I dag bruker vi gjerne sosiale medium både til underhaldning og for å finne informasjon. Det er ofte her vi hentar inspirasjon, oppdaterer oss på nye trendar eller finn produktanbefalingar. Det er likevel òg her mykje av den skjulte reklamen er. I ein jungel av personlege meiningar, og sponsa innlegg er det ikkje alltid like lett å vite kva som er personleg og kva som er reklame.

Mykje av den skjulte reklamen i sosiale medium blir lagt ut av profesjonelle påverkarar som får betalt for å bruke, vise fram eller anbefale produkt. Produkta blir gjerne presenterte i ein kvardagsleg, spontan og ærleg måte, der påverkaren er i fokus og produktet er noko påverkaraen bruker sjølv i sin eigen kvardag. Reklamen er gjerne kamuflert i eit elles personleg innlegg, slik at vi skal gløyme at det faktisk er reklame vi ser.

Sjølv om mange påverkarar er flinke til å merke innlegga som reklame, er det framleis mange som ikkje gjer det. Dei legg altså ut skjult reklame.

Omtrent halvparten av all omsetning av marknadsføring i 2020 er frå digital reklame. Sidan 2017 har tv-reklame vore minkande, mens den digitale reklamen stadig veks.

NRK.no: Det påvirkerbransjen ikkje viser deg

Ordforklaring

Digital reklame: Reklame som finst på internett. Det gjeld blant anna reklame i nettaviser, og reklameinnlegg før filmar og i sosiale medium.

Ekstratekst: Effektive påverkarar

Har du lyst til å lære meir om skjult reklame frå påverkarar? Vil du vite meir om kvifor denne reklamen er så effektiv? Då kan du lese meir her.

Les meir
Tilbake til “Den usynlege reklamen”
Vidare til “Krav til merking”

Reklameskolen

Personvernerklæring og informasjonskapsler

Tilgjengelighetserklæring

  • Vel trinn
  • Til læreren
  • Personvern