Skip to content
  • BYT TIL BOKMÅL
Ungdomskole Nynorsk
  • BYT TIL BOKMÅL
Ungdomskole Nynorsk
Tilbake til oversikta
  • Verkemiddel i reklame
  • Språk
  • Fargar
  • Oppgåve: Finn verkemidla
Tilbake til oversikta
Innhold
  • Verkemiddel i reklame
  • Språk
  • Fargar
  • Oppgåve: Finn verkemidla

Verkemiddel i reklame

Poenget med all reklame er å påverke deg. Dei som lagar reklame, prøver ofte å få deg til å kjøpe noko, eller å endre meining om eit produkt eller merke. Men korleis gjer dei eigentleg det?

Foto av ein reklameplakat på ein grå vegg over eit sykkelstativ. Plakaten har eit kvitt utropsteikn i ei rød boble.

Reklamebransjen har eit stort utval av ulike verkemiddel dei kan bruke for å påverke oss til å kjøpe ting. For å forstå korleis ein annonse, eller eit reklameinnlegg i sosiale medium prøver å påverke deg, er det lurt å undersøke korleis reklamen får fram bodskapen sin. Kva verkemiddel blir brukt? Kva fargar er ser du? Korleis er språket i reklamen? Kva med musikk og lyd? Blir det brukt humor?

Språklege verkemiddel

Språket kan påverke korleis vi oppfattar reklamen. Her er nokre av dei vanlegaste språklege verkemidla som blir brukt i reklame:

Fargar

Fargar kan få deg til å tenke at produktet har visse eigenskapar. Heilt utan at det blir sagt eller skrive i reklamen.  Desse fargane blir ofte brukt i reklame:

Oppgåve: Kva verkemiddel er brukt her?

I grupper: Finn verkemidla

  1. Sjå reklamevideoen under.
  2. Diskuter i gruppa: Kven er annonsøren bak videoen? Kva er hovudbodskapen? Kven trur de er den viktigaste målgruppa?
  3. Sjå videoen ein gong til. Diskuter i gruppa: Kva verkemiddel la de merke til? Kva var spesielt med språket i videoen? Blei det brukt humor? Korleis blei lyd og musikk brukt? Kva med fargar og lys?
Copyright © 2026 - WordPress Theme by Frontkom AS
  • Vel trinn
  • Lærarrettleiing
  • Kjelder og litteratur
  • Tilbakemelding
  • Om Forbrukartilsynet
  • Personvern