Slagord
Kva er eit slagord? Kva blir det brukt til? Korleis lagar ein eit godt slagord?

Slagord i reklame er framleis eit populært verkemiddel. Slagord blir ofte nytta for å få deg til å hugse ei merkevare. Dei kan òg gi uttrykk for haldningar og verdiar som merkevara ønsker å bli knytta til.
For at du som forbrukar skal hugse slagordet prøver dei fleste firma å lage slagord som skil seg ut. Derfor er mange slagord både fengande og morosame. De kan for eksempel innehalde rim eller ordspill, eller spele på kjente uttrykk.
Det viktigaste er at slagordet er relevant for tenesta eller produktet. Dette gjer det òg lettare å hugse slagordet, og sørgjer for at du knyttar det til riktig merkevare.
Slagord er som regel positive, og bruker gjerne positive ord som framhevar dei positive sidene ved merkevara. Dei fleste slagorda er ganske korte. Dette gjer dei lettare å bruke, og dermed lettare å hugse. For jo meir eit slagord blir brukt og gjenteke, jo lettare blir det for deg som forbrukar å hugse det. Og det er nett det både reklamebyråa og firmaa dei reklamerer for ønsker!
Oppgåve 1: Slagord og merkevarer
Kjenner du igjen slagordene?
Her skal du kombinere riktig merkevare og slagord. Dra slagordene over fra høyresiden og slipp dem ned på riktig merkevare.
Oppgave 2: Kva vil dei seie?
Kva for eigenskaper signaliserer slagorda?
Se på slagorda til dei ulike bilmerka under.
Vel tre av bilmerka. Kva eigenskapar ved bilane sine trur du bilmerka prøver å framheve? Korfor trur du dei fokuserer på nett desse eigenskapane?
- Volkswagen – Das Auto
- Skoda – Simply Clever®
- Citroën – Creative Technologie
- Volvo – «For life»
- Opel – Wir leben Autos
- Kia – The power to surprise ®
- BMW – The ultimate driving machine
- Mercedes – The best or nothing
- Audi – Truth in Enginerring
- Nissan – Innovation that excites ®
- Ford – Go further ®
- Mazda – Driving Matters
- Land Rover – Above and beyond
- Jaguar – The art of performance
- Lexus – Experience Amazing
