Reklame i spel
Har du nokon gong tenkt over korleis spelstudioa kan tene pengar på spel det er gratis å spele?

Har du lurt på kvifor ekte produkt som bilar eller energidrikkar dukkar opp i spel etter spel? Eller har du irritert deg over spel som prøver å få deg til å kjøpe lootboksar, kortpakkar, skins eller spelpengar?
Mange spelprodusenter tener pengar på reklame. Nokre får betalt for produktplassering. Bilmerke betaler for eksempel for å få bilane sine med i populære bilspel. Utstyrsprodusentar kan betale for å plassere utstyr og klede i alle slags sportsspel.
Når ein ekte sportsbil, eit snowboard, ein energidrikk eller ei kul jakke dukkar opp i eit spel, får spelarar over heile verda sjå dette produktet. Dei blir eksponerte for produktet, selskapet bak det, og logoen til selskapet. Dermed blir selskapa kjent, og kan selje fleire produkt.
Mykje pengar
I ei undersøking svarte 13% av 9-18-åringane som speler at dei bruker for mykje pengar på spel.
Dyre gratisspel
Sjølv om eit spel er gratis å spele, kan det fort bli dyrt likevel. I mange spel blir du nærast bombardert med tilbod om å kjøpe spelpengar, våpen eller ekstra innhald. I nokre spel er det nesten umogleg å gjere det bra utan å bruke ekte pengar på ekstra innhald. Viss du ikkje passar godt på, kan det fort bli veldig dyrt.
I mange spel kan du òg kjøpe såkalla lootboksar eller kortpakkar. Dette er ein slags forundringspakker. Produsentane lokkar ofte med at pakkene kan innehalde figurar, våpen eller utstyr som gjer det lettare å gjere det bra i spelet. Men spelaren veit ikkje kva pakken faktisk inneheld før ho er kjøpt og betalt.
Det er ikkje alle former for reklame og sal i spel som er lov. Det er til dømes ikkje lov å be barn direkte om å kjøpe noko. Dette blir kalla direkte kjøpsoppfordringar. Ei direkte kjøpsoppfordring kan for eksempel vere «Løp og kjøp», «Run, don’t walk» eller «Bestill nå».
Ekstra: Vil du vite meir?
Vil du vite meir om pengebruk i spel? Då kan du lese meir hos Medietilsynet.
