Skip to content
  • BYT TIL BOKMÅL
Ungdomskole Nynorsk
  • BYT TIL BOKMÅL
Ungdomskole Nynorsk
Tilbake til oversikta
  • Personleg reklame
  • Den digitale halen
Tilbake til oversikta
Innhold
  • Personleg reklame
  • Den digitale halen

Personleg reklame

Myje av reklamen du ser er styrt av algoritmar. Desse små dataprogramma nyttar informasjon om kva du gjer på nett til å gi deg reklame for ting du allereie er interessert i.

Illustrasjon av to hender som holder en mobiltelefon. Det strømmer et sterkt lys ut fra skjermen, sammen med en masse hjerter og stjerner.

Mange nettsider og appar samlar inn informasjon om kor, når og korleis du bruker dei. Dei lagrar mellom anna kva du klikkar på, og kor lenge du ser på kvart innlegg. Dei undersøker òg kva du legg ut sjølv. Både tekst, bilde og videoar. I tillegg lagrar dei kva andre nettstadar du har besøkt. Slik teiknar dei eit tydeleg bilde av kven du er, kor du bur og kva du liker.

Dei som lagar appar og nettsider vil gjerne gi inntrykk av at dei samlar inn data for å lage ei betre teneste. Men den same informasjonen kan òg brukast for å vise deg persontilpassa reklame – reklame som verkar ekstra godt på akkurat deg. Reklamen på mange nettstadar og appar er nemleg styrt av algoritmar. Desse små dataprogramma kan bruke all denne informasjonen til å vise deg reklame for ting det er stor sjanse for at du vil like.

Den digitale halen

Kor lang er den digitale halen din? Denne filmen frå Forbrukarrådet og Medietilsynet viser kor mykje informasjon vi deler gjennom appar og digitale tenester.

Copyright © 2026 - WordPress Theme by Frontkom AS
  • Vel trinn
  • Lærarrettleiing
  • Kjelder og litteratur
  • Tilbakemelding
  • Om Forbrukartilsynet
  • Personvern