Skip to content
  • BYT TIL BOKMÅL
Ungdomskole Nynorsk
  • BYT TIL BOKMÅL
Ungdomskole Nynorsk
Tilbake til oversikta
  • Kven, kva, kor?
  • Oppgåve: Kven er annonsøren?
Tilbake til oversikta
Innhold
  • Kven, kva, kor?
  • Oppgåve: Kven er annonsøren?

Kven, kva, kor?

All kommunikasjon har ein avsendar, ein bodskap og ein mottakar. Dette gjeld òg for reklame. 

Når det gjeld reklame, er det likevel ikkje alltid så lett å finne ut kven som er avsendaren, kva bodskapen er og kven som skal ta imot han. Kven seier eigentleg kva til kven?

Ein kommunikasjonsmodell som viser korleis ein avsendar (kven) sender ein bodskap (kva) til ein mottakar (kven). Kven seier kva til kven?
Illustrasjonen over viser ein såkalt kommunikasjonsmodell. Det er ein teori som forklarer korleis menneske kommuniserer med kvarandre. Trykk på bildet for å sjå ein større versjon.

Reklame er ei form for betalt og kommersielt motivert kommunikasjon. Det betyr at nokon har betalt for å få spreidd ein bodskap, og at dei ønsker å tene pengar på det.

Den som betaler for reklamen, kallar vi annonsøren. Vanlegvis er dette eit firma. Det kan til dømes vere ein butikk eller eit klesmerke. Annonsøren vil at bodskapen skal påverke mottakarane. Altså forbrukarar som deg og meg. Kanskje reklamen får oss til å kjøpe ting vi eigentleg ikkje treng? Eller til å velje eit anna merke neste gong vi skal kjøpe sko eller sminke.

Oppgåve: Kven er annonsøren?

Det er naturleg å tenkje på annonsøren som avsendaren av reklamebodskapen. Men ofte er det mange ulike firma og personar som er med på å spreie bodskapen: reklamebyrå, designarar, produksjonsselskap som lagar reklamefilm, fotballspelarar som spring rundt med drakta full av reklame, og influensarar som spreier reklamebodskap i sosiale medium. Ofte kan det vere vanskeleg å vite kven som eigentleg er avsendaren.

Finn annonsøren

Copyright © 2026 - WordPress Theme by Frontkom AS
  • Vel trinn
  • Lærarrettleiing
  • Kjelder og litteratur
  • Tilbakemelding
  • Om Forbrukartilsynet
  • Personvern