Skip to content
  • BYT TIL BOKMÅL
Ungdomskole Nynorsk
  • BYT TIL BOKMÅL
Ungdomskole Nynorsk
Tilbake til oversikta
  • Konkurransar
  • Strenge reglar
  • Dette er ikkje lov
Tilbake til oversikta
Innhold
  • Konkurransar
  • Strenge reglar
  • Dette er ikkje lov

Konkurransar

Konkurransar med fine premiar kan vere god reklame. Men det er ikkje alle reklamekonkurransar som er lovlege. Dei som lagar konkurransane må følge mange reglar.

Illustrasjon av ein pokal med ei stjerne på.

I sosiale medium er det mykje reklame. Så mykje at du kanskje ikkje legg merke til han. Konkurransar kan vere ein god måte å få merksemd på. Når du kan vinne ein stor premie, er det kanskje større sjanse for at du legg merke til reklamen. Konkurransar med flotte premiar skaper ofte mykje aktivitet. Mange liker reklamen, deler den eller taggar vennar. Alt for å auke sjansen til å vinne.

Strenge reglar

Det er ikkje alle konkurransar som er lovlege. Dei som lagar konkurransane, må følge mange reglar. Dei må mellom anna forklare tydeleg kva som er vilkåra for å vere med i konkurransen. Det må for eksempel vere lett å forstå

  • om du må kjøpe noko eller seie ja til å motta nyhetsbrev for å delta
  • korleis du deltek i konkurransen
  • når og korleis vinnaren blir kåra
  • om det er aldersgrense eller krav til å bo ein bestemt plass for å delta
  • kva vilkår som gjeld for å hente eller få levert premien

Dette er ikkje lov:

  • Det er ikkje lov å lokke med premiar som aldri blir delt ut. Dersom ein annonsør har ein konkurranse kor dei lovar å dele ut ein premie, må han faktisk gjere det.
  • Det er ikkje lov å seie at ein premie er gratis viss han ikkje faktisk er det i. Viss du for eksempel må betale frakt for å ta imot premien, er han ikkje gratis.
  • Det er ikkje lov å krevje at du må tagge vennar for å delta i konkurransen.
Copyright © 2026 - WordPress Theme by Frontkom AS
  • Vel trinn
  • Lærarrettleiing
  • Kjelder og litteratur
  • Tilbakemelding
  • Om Forbrukartilsynet
  • Personvern