Reklame overalt
Det er reklame overalt. I sosiale medium reklamerer skistjerner og influensarar for alt frå hårprodukt til energidrikkar. Både sportsspel og skytespel er fulle av reklame, og busstopp og butikkveggar er dekt av reklameplakatar. Imponerande reklamefilmar lyser mot oss frå kinolerretet og tv-skjermen.
Nokre gongar legg vi merke til reklamen. Enten fordi vi synest han er kul, morosam eller nyttig. Eller fordi han er irriterande, slitsam eller dum. Andre gongar legg vi ikkje merke til han i det heile. Han berre er der. Men han påverkar oss likevel.
Vi er omgitt av reklame
Trykk på spørsmålsteikna nedanfor for å lese meir.
Oppgåve: Kryssord
I dette kryssordet skal du fylle inn ord for reklamekanalar og stadar du kan møte reklame. Klarer du å finne alle? Kan du finne ut kva løysingsordet blir?
Viss du treng ekstra hint til nokre av orda, kan du klikke på dei små “i”-symbola.
